Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Råd til lag og foreiningar om avvikling av møte

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. februar 2021

Melding frå Surnadal kommune, onsdag 24.02.2021:

Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.

Dei nasjonale tiltaka frå 23. februar regulerer mellom anna kor mange som kan vere samla innandørs. 

Det er tal om to former for innandørs forsamlingar utanfor private heimar:

1.      Private samankomstar i leigde lokale: Her kan ein vere maks 10 personar

2.      Innandørs arrangement: Maks 10 personar, men opp til 100 personar dersom alle i publikum sit på faste tilviste plassar.

Skal ein gjennomføre årsmøte eller anna medlemsmøte i lag og foreiningar, reknast dette som eit arrangement. Som ansvarleg arrangør kan lag og foreiningar i teorien no samle langt fleire enn 10 personar innandørs, dersom ein følger desse råda:

·         Unngå å samle folk frå fleire kommunar

·         Bruk faste tilviste stolplassar under heile arrangementet

·         Størrelsen på lokalet avgjer kor mange stolar ein kan sette opp som faste plassar

·         Minst 1 meters avstand mellom stolane

·         Sett på nummerlapp på kvar stol og vis personar til nummerert stol ved ankomst 

·         Opplys på førehand om at alle skal opptre som om dei er publikum på ei framsyning eller i ein kinosal og sitte i ro

·         Ved bruk av bord skal avstand ansikt-til-ansikt vere minst 1 meter

·         Unngå servering som medfører mingling eller kø

·         Bruk påmelding med påmeldingsfrist i forkant av arrangementet slik at ikkje fleire enn det er plass til møter opp

·         Noter kven som er tilstades

·         Ha korte sakslister og korte møte – utsett saker som ikkje er strengt nødvendige

·         Hugs minimum 1 meters avstand på veg inn og ut av lokalet

Arrangør er ansvarleg for kontroll og oppfølging av brot på avstandskrav og hygienereglar under arrangementet.

Lykke til!

For meir informasjon om nasjonale tiltak, råd og anbefalingar, sjå https://www.helsenorge.no/koronavirus/

Publisert av Anne Lise With Wullum.

Foto: Canva.com

Publisert: 24. februar 2021, 16:10