Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2021

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Årsmøte i Surnadal heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Onsdag 3. februar 2021

Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte onsdag 3. mars 2021 kl. 19:00.  Årsmøtet blir på Thon Hotel Surnadal. Årmøtet vil bli arrangert med gode tryggingstiltak.


Koronavaksinasjonen – ikkje ring Vaksinetelefonen før du har fått innkalling

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. februar 2021

urnadal kommune melder at mange ringer Vaksinetelefonen for å bli sett opp på koronavaksinasjon utan at dei har fått innkalling. Brevet som vart sendt ut til alle over 65 år ved juletider, er ikkje å forstå som ei innkalling, men eit informasjonsskriv om at ein vil få tilbod om koronavaksinasjon. 


Kaldvêret fortsett til neste helg

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2021

Natt til torsdag har vi hatt dei lågaste temperaturane så langt i vinter.  På Kårvatn vart det registrert -22, og rundt bygda er det iallfall registrert temperatur tett opp til 20-talet.  På vêrmeldinga til yr.no ser det ut til at vi må være førebudd på meir kulde – iallfall fram til neste helg. 


Mange har vore utom kanten på FV6145 inn til Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2021

Den siste tida er det mange som har vore utom kanten på vegen mellom Todalskrysset og Todalen.  Etter det siste snøfallet er det fleire som har vore i grøfta, og det er grunn til å åtvare mot å kome for langt utpå kanten når du kjører på strekninga.


Brit Dyrnes leverer kunst til Jugenstilsenteret i Ålesund

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. februar 2021

Jugenstilsenteret & KUBE-museum i Ålesund har kjøpt seks keramikk skulpturar av kunstnaren Brit Dyrnes. Brit har sine røter frå Stangvik, og er i dag eigar av Rønnan i Stangvik. Kunstverka som Jugenstilsenteret har kjøpt inn har tema TILSTAND, og vart utstilt på Kunsthall Trondheim i 2019. Det er ei stor ære å bli kjøpt inn med heile 6 verk til dette flotte museet, seier Brit til Todalen.no. 


Surnadal kino – Utvidar tilbodet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. februar 2021

Smittesituasjonen gjer at Surnadal kino går tilbabake til meir normal drift – men ikkje heilt! Sjølv om Surnadal kino framover vil vise fleire filmar, enn dei har gjort sidan nedstenginga 4.januar, er det under føresetnad av at ein følgjer smittevernkravet om å unngå aktivitetar som stimulerer til auka reiseverksemd mellom kommunane. Difor er kinotilbodet ved Surnadal kino berre tilgjengeleg for personar som er busett i Surnadal kommune. 


Matkroken Todalen – Fin omsetningsauke i 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. februar 2021

2020 var eit bra år for daglegvarebransjen i Norge, med ein omsetningsauke på rundt 10%. Matkroken Todalen var ikkje noko unntak i så måte og kan vise til ein omsetningsauke på 10,6%. Matkroken Todalen auka omsetninga på daglegvarer frå 9 millionar i 2019 til 9,9 millionar i 2020.



Jenny Klinge – har gjeve ut boka Dønn distré

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. februar 2021

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge (45),  har gjeve ut bok om det å vere distré. I boka kan vi lese mange historier, som sikkert ikkje var så morsomme der og da, men som i ettertid blir god underhaldning for lesarane av boka. Jenny og sambuar Råg bor på Nordvik, så sjølv om Jenny no reknar seg som nordvikgarding, vil ho etter eige utsegn, alltid òg i tillegg rekne seg som østbødaling. Sidan Jenny er medlem av Stortingen, så bor ho i Oslo mykje av året, men litt tid får ho saman med familien på Nordvik. Boka til Jenny er å få kjøpt på Matkroken Todalen og kostar kr. 199,-