Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brit Dyrnes leverer kunst til Jugenstilsenteret i Ålesund

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. februar 2021

Jugenstilsenteret & KUBE-museum i Ålesund har kjøpt seks keramikk skulpturar av kunstnaren Brit Dyrnes. Brit har sine røter frå Stangvik, og er i dag eigar av Rønnan i Stangvik. Kunstverka som Jugenstilsenteret har kjøpt inn har tema TILSTAND, og vart utstilt på Kunsthall Trondheim i 2019. Det er ei stor ære å bli kjøpt inn med heile 6 verk til dette flotte museet, seier Brit til Todalen.no. 

Ved å trykke på lenka kan du lese heile pressemeldinga frå Jugenstilsenteret & KUBE: Dyrebare tilskudd til vår samling

Brit Dyrnes har selt seks keramikk verk til Jugenstilsenteret i Ålesund. Foto: Anita Land

Litt om Jugenstilsenteret & KUBE:

KUBE er eit kunstmuseum i Møre og Romsdal og ligg i det gamle gamle Norges Bank-bygget (bygd 1904) i Ålesund sentrum. Gjennom eit variert utstillingsprogram og ei rekke med publikumsaktivitetar skal museet skape interesse for og kunnskap om visuell kunst, kunsthandverk, design og arkitektur. KUBE utviklar og forvaltar ei kunstsamling som spesielt fokuserer på kunst og kunstnarar med tilknyting til Møre og Romsdal. 

Meir informasjon finn du her: Jugenstilsenteret

Jugenstilsenteret & KUBE i Ålesund. Foto: Jugenstilsenteret

Først publisert: 3. februar 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 2. februar 2021, 07:16