Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jenny Klinge – har gjeve ut boka Dønn distré

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 1. februar 2021

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Jenny Klinge (45),  har gjeve ut bok om det å vere distré. I boka kan vi lese mange historier, som sikkert ikkje var så morsomme der og da, men som i ettertid blir god underhaldning for lesarane av boka. Jenny og sambuar Råg bor på Nordvik, så sjølv om Jenny no reknar seg som nordvikgarding, vil ho etter eige utsegn, alltid òg i tillegg rekne seg som østbødaling. Sidan Jenny er medlem av Stortinget, så bor ho i Oslo mykje av året, men litt tid får ho saman med familien på Nordvik. Boka til Jenny er å få kjøpt på Matkroken Todalen og kostar kr. 199,-

Terje Nordvik med Jenny Klinge si bok Dønn distré. Foto: B G Ansnes

Jenny vart hausten 1999 kommunestyrerepresentant i Surnadal for første gong. Heile Jenny sin politiske biografi kan du lese her: Jenny Klinge – Stortinget   

Jenny voks opp i Østbødalen saman med sine foreldre, Ole Klinge (1929 – 2003) og Else Ness (1940 – 2008) og sine tre søsken. Dette er bakgrunnen for at ho for alltid vil rekne seg som østbødaling. 

Jenny Klinge – Dønn distré. Foto Ragne Borge Lysaker

Nedanfor kan du lese ei historie som ikkje er med i boka, men  som òg involverer den utflytta todalingen Svein Håvard Saksen:

Jenny fortel at ho og Svein Håvard, rundt midten av 1990-talet, oppdaga at dei var ramma av same distré tendensar då dei i ungdommen skulle køyre til Kristiansund saman. Ho var frilans for Driva og han dreiv med noko småflygreier som ho kom på at ho kunne skrive ein artikkel om. Men då måtte ho jo helst ha bilete av han saman med eit småfly. Så dei tok av mot Kristiansund, ho køyrte og han sat på. Då dei kom til Krifast, betalte dei i bomstasjonen og køyrte vidare.

Praten gjekk i eitt over Storseisundbrua og ingen av dei to tenkte over at det kanskje var feil å køyre over brua før det stod «Molde» på eit skilt framfor dei. Dei bråsnudde og var skamfulle då dei kom tilbake til bomstasjonen. Etter å ha innrømt tabben og bedt pent for seg, slapp dei å betale bomavgift ein gong til.

Då dei kom til Kvernberget for å ta bilete, vart neste tabbe tydeleg: Det stod ikkje noko småfly der. Svein Håvard hadde ikkje tenkt på å sjekke om det faktisk var noko fly inne som dei kunne ta bilete ved. Så dei måtte gjera vendereis utan bilete. Praten gjekk laust på veg heimatt òg, og dei skulle køyre om Tingvoll til Rykkjem og Kvanne igjen, fordi bilen til Svein Håvard stod der.

Ved Øydegardskrysset stod det jo skilta mot Surnadal, og begge tykte det framstod som naturleg å svinge til venstre der. Men begge trudde framleis dei var på veg mot Rykkjem (medan dei i verkelegheita var på tur mot Kanestraum). Sjokket var derfor stort då det plutseleg openberte seg ei ferje framfor dei etter berre nokre kilometers køyring. Jenny omtaler augene på Svein Håvard som dei største og mest forskrekka augene ho nokon gong har sett då han snudde seg mot ho og utbraut: Ferje! Her?!?

Ferja skulle akkurat til å gå, og dei fekk køyre rett inn på dekk før bommen gjekk ned. Ferjematrosen fekk seg nok eit minneverdig augeblikk då to ungdommar som begge tala nordmørsdialekt spurte i munnen på kvarandre: «Unnskyld, men kva for ei ferje er dette her?»

Resten av turen gjekk fint, bortsett frå at det vart ein solid omveg på grunn av ferjetabben.

Svein Håvard Saksen. Foto: Privat

Ei anna historie som ikkje fekk plass i boka

Dette er ei historie som involverer Svein Håvard og som Jenny hadde tenkt å ta med i boka si, men som ikkje fekk plass. Men Jenny har gjeve Todalen.no tilgang til historia, så den kan du lese her:

«Svein Håvard og kameraten Inge var på Gardermoen saman, der dei hadde mellomlanda på veg heim frå Spania. Dei måtte skilje lag no som dei skulle ta siste flyturen heimover, for  Inge skulle til Kristiansund, medan Svein Håvard skulle vidare til Værnes. Inge gjekk bortover mot dåverande gate 19, som var eit godt stykke å gå. Sjølv gjekk Svein Håvard bort til der det stod Værnes og «go to gate» på skjermen. Han konkluderte med at han hadde kontroll. Deretter sette han seg ned og venta til det skulle stå «boarding».

Det var enno ein halvtime til flyet skulle gå, men han la merke til at det var uvanleg lite folk som skulle vera med flyet til Værnes denne gongen. I og med at dette var siste flyet til Værnes, måtte han ta dette for å koma seg heim før natta. Det venta uansett to timars køyring heim til Surnadal, og han skulle på arbeid neste dag. I starten ante han fred og ingen fare og venta tålmodig. Bagasjen var allereie sjekka inn i Alicante, så han trong ikkje tenkje på denne. Der han sat ute i venteområdet, kunne han sjå innover i den passasjertunnelen som han forventa skulle vera tunnelen inn til flyet. Det kom folk opp derifrå innimellom. Han tenkte at det var flyet hans som hadde landa først no og at det sikkert snart var boarding.

Fem minutt før flyet eigentleg skulle gå, begynte han å få meldingar på telefonen frå SAS om at avgangen var ti minutt forseinka. Slike meldingar fekk han tre eller fire gongar. Omsider var det gått heile førti minutt over tida, og dette utan at han kunne forstå kvifor det ikkje snart var boarding. Plutseleg ser han at det står «gate closed». Dette var merkeleg, meinte han, for han hadde jo ikkje fått gå på flyet sjølv enno. Han gjekk så rett bort til SAS Service-skranken, som ikkje var så langt unna der han sat. Han viste dei flybilletten og lurte på kvifor i all verda gaten plutseleg var stengt. Dama sjekka flybilletten hans og sa at denne ikkje var gyldig lenger, for flyet var gått. Han ga uttrykk for at han ikkje forstod noko som helst av dette. Ho trykte på tastaturet og sjekka vidare på skjermen, og forstod ikkje noko ho heller. Ho sa det han allereie visste, at det ikkje gjekk noko seinare fly.

Medan dei heldt på og sjekka kva som hadde skjedd, kom det opp ei dame med refleksvest og øyreklokker frå den passasjertunnelen der han hadde sitte og venta inntil nyleg. Ho hadde berre eitt spørsmål: «Er du Saksen?!?» Dette kunne han ikkje akkurat lyge frå seg, så han kremta og stadfesta. Så understreka han at han berre MÅTTE nå dette flyet. Ho sa ganske krast: «No sit det 135 sinte trønderar inne i dette flyet som har venta på deg ein halvtime, så det veit eg ikkje om du vil.»

Ho meldte frå på sambandet om at «vi har funne han no». Kapteinen lurte på om det var kofferten som var funnen, men ho sa det var den manglande passasjeren. Kapteinen avgjorde at det var kjappare å ta med Svein Håvard enn å leite vidare etter kofferten hans i bagasjen.

Svein Håvard hadde starta med å vera litt kjepphøg mot SAS då han kom til serviceskranken. Det vart fort rollebytte no som Svein Håvard innsåg sin eigen tabbe. Han la seg langflat og forklarte at han hadde sitte rett der borte og trudd han var på rett plass. Då dama sa: «Du kjem her no!», var svaret hans tvert: «Ja, det gjer eg». Han vart slepa fort gjennom gangar og ned ei sprinkeltrapp og skyssa inn på flyet.

Vel framme ved flyet kom han seg opp flytrappa i nokre få sprang for å spara tid. No først forstod han kva han hadde gjort feil. Han skulle aldri ha sitte i hovudterminalen, men heller gått innover denne passasjertunnelen som han sat og såg på, før han skulle gått ned ei trapp til ein annan liten terminal. Dit ned hadde alle dei andre passasjerane funne fram og sitte og venta på boarding. Sidan den manglande passasjeren berre vart oppropt der nede, høyrte han aldri på høgtalarane at han var djupt sakna.

Svein Håvard prøvde å gjera seg så liten som mogleg då han gjekk inn i flyet Då han kom til seterada si, såg han at det sat ein annan passasjer på plassen ved vindauget, den som han sjølv eigentleg skulle ha. Han fann raskt ut at han berre skulle setje seg stilt og roleg ned på midtplassen. Dette var ikkje tidspunktet for å laga bråk om å få sitje ved vindauget.

Det viste seg at det skulle bli verre. Bagasjen til alle passasjerane hadde jo vorte stengt inne i flyet før avgang. Alt var klart inntil dei oppdaga at herr Saksen mangla. Etter fleire forsøk på å få tak i han, opna dei bagasjelukene og begynte å gå gjennom bagasjen. Det var medan dei leita etter kofferten hans for å ta ut denne at piloten fekk vita at Svein Håvard var komen til rette og at bagasjelukene kunne lukkast igjen. No som dei endeleg skulle til å ta av frå Gardermoen, begynte det brått å pipe ein alarm i cockpiten – ein alarm frå den eine bagasjeluka av alle ting.

Etter fleire omgangar med krøll på grunn av nye alarmar, taxa flyet endeleg ut på rullebanen og ga full gass. Men så vart det bråstopp, og piloten fortalte om endå ein ny alarm frå denne hersens bagasjeluka. Teknikarane styrte med denne luka medan Svein Håvard sat og lurte på om skyssen hans på Værnes venta på han enno. Forseinkinga begynte å bli stor.

Tredje gongen kom dei seg i lufta. Då kjente han at han vart veldig letta. Det dårlege samvitet kom likevel raskt på plass igjen etter ti-femten minutts flyging. Då begynte flyvertinna å rope opp til passasjerar til Mosjøen og Brønnøysund, Sandessjøen, Rørvik og så vidare om at flya deira dessverre allereie var gått. Ho orienterte om at det vart buss- eller togskyss vidare for ein del av passasjerane medan andre måtte overnatte.  Dette var ein søndagskveld med mange pendlarar og anleggsarbeidarar om bord.

Svein Håvard trengte minst eitt år for å fordøye denne hendinga. Han var rett og slett skamfull i lang tid».

Publisert: 1. februar 2021, 11:57