Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gaupe skoten i Bøfjorden, resultatlaus på Nordvik – no er jakta slutt for i år.

Jon Olav Ørsal Måndag 1. februar 2021

Måndag 1. februa er første dag i årets gaupejakt.  Under årets kvotejak kan det her i fylket felles 4 dyr – eit dyr i felles delområde A; Tingvoll og deler av Sunndal, medan 3 dyr kan fellast i delområde B som er resten av forvaltningsområdet – Surnadal og gamle Aure.

Den første gaupa vart skoten i Bøfjorden i morgontimane, medan altså jakta på Nordvik og i Surnadal endte resultatlaust.  Her har eit jaktlag med jegrar frå Rindal, Surnadal og Nordvik vore ute, og leiar i jaktlaget Anders Magne Ormset fortel at dei har hatt ein viss kontakt med dyr på Nordvik i området ved Åsbøhagen.  Her kunne dei følgje spora opp mot Åsbøsnyta, og disse spora gikk utover til det bratte terrenget ovafor Åsbøen der det er nærast uframkommeleg. Om jakta fortsett dei næraste dagane er ikkje avgjort enno, ettersom vi forstår Ormset. 

Gaupa som vart felt i Bøfjorden er ifølge Statsforvaltaren ei vaksen hogaupe.  Her i området er det no to dyr att, og dersom det blir felt ei hogaupe så stoppar jakta for i år.

Ny gaupe felt:

Måndag ettermiddag vart det meldt om felling av gaupe på Ålvundeid – nærare bestemt ved Reinset.  Her var det også felt ei vaksen hogaupe på 17,7 kg.  No er det altså felt 2 hogauper, og dermed er gaupejakta slutt for i år i Møre og Romsdal!

 

Først publisert: 1. februar 2021, 16:37 - Sist oppdatert: 11. april 2022, 20:41