Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronavaksinasjonen – ikkje ring Vaksinetelefonen før du har fått innkalling

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 3. februar 2021

Surnadal kommune melder at mange ringer Vaksinetelefonen for å bli sett opp på koronavaksinasjon utan at dei har fått innkalling. Brevet som vart sendt ut til alle over 65 år ved juletider, er ikkje å forstå som ei innkalling, men eit informasjonsskriv om at ein vil få tilbod om koronavaksinasjon. 

Vent på innkalling før du ringer

Det er ikkje nok vaksiner til alle i starten. Kommunen kallar inn dei eldste etter tur og orden utover vinteren og våren, til vi har fått vaksinert alle over 65 år. – Dersom du ikkje har fått ein SMS med tekstmelding om innkalling på mobiltelefonen din betyr det at det ikkje er din tur i køen riktig enno, seier vaksinasjonskoordinator Heidi Elnes Fiske.

Vi er ikkje heilt ferdig med dei over 85 år, men innan eit par veker vil  alle desse ha fått innkalling til vaksinasjon med dose 1 eller 2. Vi må difor be alle andre om å vere tolmodige og vente med å kontakte Vaksinetelefonen til ein har fått ein SMS med tekstmelding om personleg innkalling på mobiltelefonen sin. 

Informasjonsbrosjyre med praktisk rettleiing

Neste aldersgruppe som står for tur er dei over 75 og opp til 84 år. Kommunen vil i desse dagar sende ut ei brosjyre med praktisk informasjon i posten til denne gruppa. Her får ein rettleiing om korleis ein skal bestille koronavaksinasjon på nett etter å ha fått innkalling på mobilen. 

Informasjonsbrosjyren er også lagt ut på kommunen sin nettside om koronavaksinering. Pårørande i heile landet kan følge instruksane og hjelpe til med å bestille koronavaksinasjon i Surnadal kommune for den som har motteke innkalling frå oss. Det går ikkje an å bestille koronavaksinasjon før ein har motteke slik innkalling.

Informasjonsbrosjyra kan du lese her: Informasjonsbrosjyre – koronavaksinering

Appell til pårørande 

Grunnen til at ein må bestille koronavaksinasjon etter å ha fått innkalling, er at all vaksinasjon krev aktivt samtykke. Ein kan også velge å takke nei til tilbodet, men vi håpar dei fleste som er anbefalt vaksinen takkar ja. 

– Vi er heilt avhengige av at pårørande hjelper til med å svare på innkallinga via nettsida c19.no,  da vi ikkje har kapasitet til å ta i mot svar på innkalling frå alle over 65 år på telefon. Vaksinetelefonen er først og framst eit tilbod til dei som har fått innkalling på mobilen sin, og som har spørsmål eller kkje har pårørande til å hjelpe seg med å bestille koronavaksinasjon, avsluttar Elnes Fiske. 

 

Publisert: 3. februar 2021, 18:40