Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaldvêret fortsett til neste helg

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2021

Natt til torsdag har vi hatt dei lågaste temperaturane så langt i vinter.  På Kårvatn vart det registrert -22, og rundt bygda er det iallfall registrert temperatur tett opp til 20-talet.  På vêrmeldinga til yr.no ser det ut til at vi må være førebudd på meir kulde – iallfall fram til neste helg. 

Det hjelper nok litt på temperaturen at sola glyttar fram midt på dagen, men sola er enno bleik og det er nok ikkje all verdens varme i ho enno. 

Svanene kosa seg på grunna ved Todalsøra Foto: Jon olav Ørsal

Vi tok ein liten runde rundt bygda, og på termometeret i bilen var det i Bordholmvegen det var kaldaste plassen. Der kunne vi registrere 19,5 kuldegrader.  På Todalsøra var det ein god del mildare, og har var det faktisk badeliv!  Eit par tre svaner var opptekne med beiting utmed marbakkan. 

Utsikt frå rasteplassen uti Stranda på vegen inn til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Kaldast i Bordholmvegen – her viste displayet i bilen -19,5 grader. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. februar 2021, 12:42