Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2021

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Nordlysnatt månadens bilete for januar

Mari B. Redalen Tysdag 9. februar 2021

Simen Søyset Johansen vant månedens bilete med Nordlysnatt. Vi gratulerer som månadens bilete vinnar for januar. Det er godt fotolys om dagane, og vi sett stor pris på nye bidrag.


Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. februar 2021

Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag, så har dette si naturlege forklaring. Det skal i ettermiddag vere konfirmantundervisning for konfirmantane i Todalen og Stangvik. Samstundes skal det gjennomførast ei lukka gudsteneste som blir filma i si heilheit.


Mista du skihanskane dine i Dalalia?

Jon Olav Ørsal Måndag 8. februar 2021

I helga vart det funne eit par skihanskar i Dalalia ved Kårvatn.  Dei vart funne i traseen etter den merka turistlina, rundt 300 meter frå parkeringsplassen til hyttefeltet ved plassen. Er det du som er eigaren, kan du ta kontakt med finnaren på telefon 99117516!


Barnehageopptak – Søknadsfrist 15.februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. februar 2021

Surnadal kommune informerer om at fristen for å søke om barnehageplass for barnehageåret 2021/22 er 15.februar. Dette gjeld berre born som ikkje har barnehageplass i ein kommunal barnehage i dag. Har bornet allereie barnehageplass treng du ikkje søkje. Det nye barnehageåret tek til 15.august. 


Stor utfart til Dalalia og Tydalsnebba i finvêret.

Jon Olav Ørsal Sundag 7. februar 2021

Sjølv om temparaturen har vore stabil mellom 10 og 20 kuldegrader den siste tida har det vore stor trafikk til fjells.  Det store turmålet er no Tydalsnebba, men det er også mange som nøyer seg med ein tur oppi Dalalia – men felles for alle er at dei er på søken etter pudderføre .  Dalalia har den siste tida oppvarta med fint pudderføre, medan det på toppane er litt prega av at det har vore litt vind og i minste laget med snø.


Fastelavnspynten gjekk unna

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. februar 2021

Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.


Toåa tursti – fine turforhold

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 6. februar 2021

Driftsstyret vinteranlegg i Todalen Idrettslag har køyrt opp skispor og turveg i traseen til Toåa tursti. På den eine sida er det skispor, medan det på den andre sida er trase for gåing, med eller utan truger. Så akkurat no kjempefine for alle typar turaktivitet i turstien. Da vi tok turen i dag, var det kjempefine forhold med sol, som faktisk varma litt, sjølv om gradestokken viste -12.


Feira at sola er komen og «samefolkets dag»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. februar 2021

I dag feira Todalen oppvekstsenter at sola har kome att, samstundes som dei feira «samefolkets dag», sjølv om den først er i morgon, 6.februar. Mellom den 6.november og 5.februar er sola borte ved oppvekstsenteret, så i dag var det stor glede da sola viste seg for første gong på knappe tre månader. 


Todalen Elveeigarlag vil gjøre Toåa mer attraktiv for laksefiskerne

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. februar 2021

I en pressemelding som er distribuert i dag har Todalen Elveeigarlag informert om arbeidet som er gjort for å endre vilkårene for laksefisket i Toåa. I første omgang er det en prøveordning på 2 år, der Todalen Elveeigarlag og Todalshytta AS inngår eit samarbeid om salg av laksefiske. Det legges tilrette både for lakseturisme og lokalt folkefiske står det i pessemeldingen som du kan lese nedenfor:


Stem på månadens bilete for januar

Mari B. Redalen Torsdag 4. februar 2021

Første månad av året 2021 er allereie over og her kjem kåringa av månadens bilete for januar. Vi held kåringa open til søndag kveld. Som alltid sett vi stor pris på bidrag på red@todalen.no


med årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 4. februar 2021

Surnadal kunstforening avviklar sitt årsmøte på Surnadal kulturhus torsdag 25.februar klokka 18:00. På grunn av smitteverttiltaka vil det bli påmelding til årsmøtet for den som vil delta.