Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange har vore utom kanten på FV6145 inn til Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. februar 2021

Den siste tida er det mange som har vore utom kanten på vegen mellom Todalskrysset og Todalen.  Etter det siste snøfallet er det fleire som har vore i grøfta, og det er grunn til å åtvare mot å kome for langt utpå kanten når du kjører på strekninga. 

Etter at denne strekninga (Fylkesveg 6145) vart asfaltert så oppleves det at det manglar ei skulder utafor den asfalterte vegbanen.  Kjem du først utom asfalkanten, så kjem du deg ikkje innpå vegbanen igjen. Når det er snå så er det vanskeleg å sjå kvar asfaltkanten er, og difor er det mange som hamnar i grøfta. 

Bilen som hamna utfor ved Sagelva på Nordvik tidlegare i vinter. Her vart det både personskade og materiell skade. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Som oftast har dette skjedd i samband med møtande trafikk, der vegen har vore i det smalaste laget.  I dei fleste tilfella har farten vore liten, men ved ei utforkjøring for eit par veker sia vart det både personskade og skade på bilen. 

Oppfordringa frå oss er difor å være forsiktig  – spesielt når du møter andre bilar på strekninga.  Det er lurt å bruke ei av dei mange omkjørslene på strekninga når du møter romstore kjørety som bussar og lastebilar.  

Publisert: 3. februar 2021, 12:16