Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bryllaupsbilete frå Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. februar 2021

Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet. 

Grautmarsj frå Matstua i Nistua på Nordvik, brudgom Harald Nordvik og brur Brit Nordvik f. Øyen. Vi ser Ingebrigt H. Kvendset til høgre for brura. Par nr. 2 bak brudeparet er Ingvar Øyen og Oddny Halle. Bryllaupet var 26. juni  1953. Frå arkivet til Todalen historielag.

Her er det bilete av bryllaupsgjestar i Viastua. Frå venstre: Erik Svinvik, Hans Ågesen, Josva A. Bruset, Ingebrigt G. Kvendset, Kristen J. Ørsal, Anders Halset (Furuhaug), Ola G. Kvendset, Sivert Strand, Brit Ørsal, Åsta Innerdal, Stor-Lars (Kvendset), Ingebrigt H. Kvendset, Olina Kvendset, brudgom Kristen G. Kvendset, Anna-Lisa Svinvik, brura Gunvor Kvendset f. Strand, Ingrid Redalen (Halle), Gunvor Halset Redalen, Johanna Kvendset (Lauvås) Dei to jentene som står fremst til høgre er Magnhild Strand (Bøvra) og Mildri Kvendset (Skålvik). Bryllaupet var 31.mai 1941. Fotoeigar: Åshild Halle.

Bryllaup i Ungdomshuset på 1960-talet. Brura er Gunnbjørg Jørgensen, og den heldige gjesten som dansar med brura er Nils Reiten. Til høgre ser vi Marit Sæther som svingar seg i valsen. Johan Kvendset «fører dama så yndig og lett» til venstre. Elles er det ukjente for oss. Legg merke til vedomnen og «filmluka» bak! Frå arkivet til Todalen historielag.

Tekst Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe.

Ingri og Ragnhild oppfordrar lesarar av todalen.no til å kome med innspel som namn på personar, andre opplysingar eller korreksjonar.

Publisert: 20. februar 2021, 00:23