Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal sjukeheim – lempar på besøksrutinene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. februar 2021

Surnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid-19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga. 

Det er betydeleg mindre risiko for Covid-19 etter vaksinasjon. Covid19 kan likevel ikkje hindrast i alle høve, då vaksinen ikkje alltid gjev full beskyttelse.

Besøksrutiner frå 18. februar

  • Besøk bør avtalast på førehand.
  • Besøksprotokoll blir ført, i fall smittesporing.
  • Utfør handhygiene når du kjem og underveis.
  • Nærkontakt mellom vaksinerte bebuarar og deira næraste, samt med andre vaksinerte, er greit. Bebuarane avgjer sjølv kven som er sine næraste.
  • Hald ein meter avstand til andre enn den du besøker.
  • Besøk kan foregå i fellesareal for vaksinerte bebuarar så framt ein meter avstand til andre kan overhaldast. Foajeen og kafeen anbefales å bruke.
  • Kaffemaskin finn du i kafeen. Handdesinfeksjon finn du i nærleiken. Besøkande kan ikkje nytta kjøkkena på sjukeheimen.
  • Felles berøringspunkt i fellesareal blir reingjort/ desinfisert fleire gong om dagen.
  • Blomster og gåver er greitt.
  • Ikkje kom dersom du er eller kan vere smitta av Covid-19.
  • Har du luftvegssymtom eller er i karantene bør besøket utsetjast. Ved unntak skal munnbind brukast og besøket foregå på rommet til bebuaren.
  • Kjem du frå område med høgt smittetrykk; følg råda for området med høgast smitterisiko.
  • Bebuaren kan bli med på besøk utanfor sjukeheimen. Vurdér smitterisiko saman med personalet. Hugs handhygiene umiddelbart ved retur til sjukeheimen.
  • Dersom bebuar får påvist Covid-19 eller er i karantene, blir vedkomande isolert, og besøk tilrås utsatt. Dersom besøk blir vurdert nødvendig skal smittevernutstyr brukast.
  • Eigne vurderingar for besøk ved livets sluttfase.
  • Tenester/ aktiviteter og besøk av eksterne aktørar: Smitterisiko blir vegd opp mot grad av behov og nytte av tenesten/ aktiviteten. For frisør, fotterapeut og liknande gjeld råda for ein-til-éin-kontakt, og bruk av munnbind.

For eventuelle pasientar/bebuarar som ikkje er vaksinerte bør det utøvast større varsemd.

Ved auka forekomst og smitteutbrot av Covid-19 vil endra rutiner bli vurdert. 

For oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Surnadal kommune, kan du trykke på lenka: Surnadal kommune – statusoppdatering Covid-19

Publisert: 19. februar 2021, 14:30