Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. februar 2021

Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.

Stopp ved Nerbu. Frå venstre: Eli, Åse, Kari, Helga, Synnøve og Arndis. Foto:: Dordi J H

Kløverturen gjekk frå Matkroken på Kvennset etter allmannvegen til Halsabrua og utover Øraekrå til Todalsøra. På Nerbu venta det ei triveleg overrasking. Helga serverte nydeleg kaffi, og kjøpmann Nordvik sponsa kløverturen med god kake. Serveringa var ute på verandaen. Men turdeltakarane delte seg i grupper slik at dei kunne halde god avstand. Medan første pulje kosa seg med kaffi og kake, gjekk resten av turfølget utover forbi Nessahaugen. Kaffipausen på Nerbuverandaen vart dagens høgdepunkt!

Trim, frisk luft, sosialt samvær, kaffi og kake – riktig så kjekk formiddagsstund!

Ny kløvertur måndag 1. mars.

Ved «Gammelhals» – her var det butikk «i gamle dagar» fram til 1984. Frå venstre: Sigrun, Eli, Jean, Dordi og Synnøve. Foto: Dordi J H

Mellom Inder Baugen og Ytre Baugen var det felling av tre. Håvard stilte med motorsag og traktor. Frå venstre: Kari, Arndis, Jorunn, Anne Grete, Håvard og Åse. Foto: Dordi J

Publisert: 22. februar 2021, 16:36