Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinterferie og tidenes skidag i alpinsentret i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 21. februar 2021

Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag.   Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren.  Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset.  Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas.

Lyder Bævre hadde det travelt i billettluka – men smilte nærast frå øre til øre. Foto: Jon Olav Ørsal

Samanfall av vinterferie, påskevêr og få andre aktivitetar er nok grunnen til at det var så mange i bakken trudde Magnar Heggset og Jon Ingebrigt Gjerstad som deltok i drifta saman med andre vakter i alpinanlegget.  Det var nemleg mange vakter som passa på at både sikkerheit og smittefare i bakken – viktig å halde avstad både i bakken, heiskøen og ikkje minst i varmestua.  

Hadde mange vakter som passa på – her er Magnar Heggset og Jon Ingebrigt Gjerstad som var to av dei frivillige denne helga. Dei fortalte at det meste av arbeidet i bakken er basert på dugnad. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Til tross for at det vart ein del ventig i heiskøen, så tok folk det med godt humør og kosa seg i det fine vêret.  – Spesielt artig er det at det er så mange smårollingar som er i bakken og som har vorte dyktige til å renne på ski.  Ser faktisk ut for at den koronatida vi er midt oppi er positiv for rekrutteringa til alpinsentret. 

God rekruttering – vi lar Bea og Elea representere den yngre garde – utruleg bra at så mange born er aktive i bakken og har vorte så dyktige på ski! Dei to utviste stort tolmod i heiskøen som gikk rundt heile huset ved heisen. Foto: Jon Olav Ørsal

Denne veka er apinsetret ope kvar dag – heile veka og same opningstid 11.00 – 16.00 kvar dag fram til søndag 28.februar.  Surnadal Alpinsentret er altså dagope i samband med vinterferien forå gje eit best muleg tilbod. 

Ein pust i bakken for gjengen frå freeski- og alpingruppa som hadde trening denne dagen. Vi takker for flott oppvisning som du kan sjå i bildegalleriet – imponerande! Frå venstre Isak Drøpping, Steinar Kvammen Sæter, Birk Blekken og Alfred Blomstrand Harrang. Markus Bolme var og med, men han fann vi ikkje att da vi skulle ta gruppebilete.  Foto: Jon Olav Ørsal

Freeski-gruppa og alpingruppa hadde trening i bakken i dag og vi fikk en liten smakebit på det dei driv med – og vi let oss jammen imponere.  Same korlelis dei kom gjennom lufta så tok dei ned på fotane og stod fjellstøtt – ta ei kikk på galleriet.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. februar 2021, 15:55 - Sist oppdatert: 22. februar 2021, 17:40