Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ute-grilling på Matkroken Todalen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I samband med at COOP er stor sponsor av VM på ski i Oberstdorf i Tyskland, er det no «Jubeldagar» i COOP-butikkane. Det blir markert med mange flagg og plakatar i og utanfor butikkane. I samband med dette, slår Matkroken Todalen, til med grilling av «VM-pølser» laurdag 27.februar mellom klokka 11:00 – 15:00. 

Alle som kjem innom butikken i dette tidsrommet får ei grilla «VM-pølse» i labbe (lompe), grilla av «mesterkokk» Knut. «VM-pølsene» er sponsa av Gilde. 

Matkroken Todalen ønsker alle velkomne for å smake «VM-pølsa» og til ein triveleg laurdagshandel!

Handelsmann Nordvik slår til med grilling av «VM-pølser» på laurdag. Foto: B G Ansnes

Publisert: 25. februar 2021, 18:00