Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. februar 2021

Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar.

For å ta det som var ekstraordinært først: Etter kvart som møtedeltakane kom, var det sjølvsagt spriting av hender, så utdeling av munnbind og deretter beskjed om å sette seg på tilvist plass.

Alle deltakarane var påmelde, fekk tilvist plass med reglar for kvelden. Foto: Dordi J H

Før leiar Maren Ansnes opna årsmøtet, gjekk ho grundig gjennom smittevernreglane som no gjeld for avvikling av møte.

Året 2020 vart sjølvsagt eit svært så spesielt år for sanitetsforeininga; koronapandemien  sette stoppar for eller begrensa mange aktivitetar. Men årsmeldinga viste likevel god aktivitet.

Utdrag frå årsmeldinga:

-Ni medlemsmøte, ti styremøte og tre arbeidsmøte.

-85 medlemmer.

-Det vart tre laurdagsettermiddagar med strikkekaffe før Norge stengde ned 12. mars.

-28 kløverturdagar med 33 unike deltakarar og 317 utførte turar. Men pandemien sette stoppar for rusleturar med servering og innetrim.

-Leseven – 6 lesestunder ved Todalen oppvekstsenter frå januar til 12. mars

-Tre rundar med fotpleie.

-Kvinnehelsekveld i januar, interessant foredrag av fastlege Kari Løvendal Mogstad.

-Helsekveld i oktober, informativt foredrag av kommuneoverlege Bjørn Buan der temaet var koronapandemien og smittevern.

-Ingen tradisjonell basar, men VIPPSBASAR i oktober – godt resultat.

-Sal av fastelavnsris og maiblomster. Kunstlotteri.

-Russ 2020 –samarbeidsprosjekt mellom sanitetsforeiningane i kommunen.

-Juleblomster til todalingar over 80 år.

Når det gjeld omsorgsberedskap, vart det sommaren 2020 oppretta ei felles omsorgsberedskapsgruppe for alle sanitetsforeiningane i kommunen. Men den lokale omsorgsberedskapsgruppa eksisterer og fungerer med tanke på Todalen.

Kasseraren, Ragnhild Ansnes Moe, la fram rekneskap og budsjett. Økonomien i laget er god. I året som gjekk har sanitetshuset vore påkosta 160 000 kroner. Inntekta frå loddsal var på 79 000 kroner. Leiar Maren Ansnes rosa bygdefolket og takka for god oppslutning om og stor støtte til foreininga! 

Frå venstre: Arndis Søyset, Solveig Glærum og Anne Helene Teilgård Halset. Solveig og Arndis var vertinner for kvelden. Foto: Dordi J H

Valet gjekk greitt, og dei tillitsvalde er:

Leiar – Maren Ansnes, nestleiar – Kari Kvendset, sekretær – Steffi Bohle, kasserar – Ragnhild Ansnes Moe, styremedlemmer – Ingrid Pedersen og Åse Ville Redalen. Varamedlemmer til styret – Arndis Søyset og Solveig Glærum. Husstyre – Anne Helene Teilgård Halset og Synnøve Hole Talgø. Jorunn Hals Ørsal og Kari Kvendset sit i leiargruppa for omsorgsberedskap.

«Ha korte saklister og korte møte» – det er oppfordringa i råda for å arrangere møte no; og både årsmøtet og medlemsmøte gjekk raskt unna!

Og det var utlodding utan bruk av nummerlappar frå ærverdige typosar!

Og for første gong i manns minne var det ikkje servering på sanitetsmøte! 

Kasserar, sekretær og leiar i arbeid. Frå venstre: Ragnhild Ansnes Moe, Steffi Bohle, Maren Ansnes, Kristine Saksen Ulvund, Åse Ville Redalen. Foto: Dordi J H

Dette flotte åkleet var gevinsten i kunstlotteriet i 2020. Det er vove av Bjørnhild Fiske, og den heldige vinnaren av åkleet vart Kristoffer Terjeson Nordvik. Foto: Dordi J H

Publisert: 26. februar 2021, 00:18