Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik dreg til Andorra som VM-deltakar

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. februar 2021

Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé.  Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget.  To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke. Erik skal ta del i tre konkurransar, tysdag 2. mars, torsdag 4. mars og laurdag 6 mars – før dei reiser heim igjen søndag 7.  Da ber det rett i karantene og koronatesting når dei passerer grensa på tur heim att.  

Erik er sjølvsagt spent på denne turen – 18-åringen deltek enno i juniorklassen og er spent på korleis han ligg an i forhold til andre deltakarar frå heilde verda.  Han har omtrent ikkje fått målt kreftene mot konkurrentane tidleg i vinter, men han tykkjer han har har jobba godt i vinter – både heime i Dalalia og under opphaldet på Tingvoll, der han går på vidaregåande skule. Einaste konkurransane var deltaking på NC på Voss tidlegare i vinter.  – Men forholda har egentleg vore optimale heime i Dalalia og eg føler at forma er god etter signala trening.  

Erik er imidlertid spent på korleis det blir å kome oppi høgda og korleis høgdeopphaldet vil virke.  Eg får iallfall testa forma skikkeleg i konkurranse med dei beste i verda i klassen min no. Deltakarane frå Norge er i tillegg til Erik  Kårvatn er Trym Dalseth Lødøen og Hans Inge Klette.  Dei er også sterke kandidatar som nok vil markere seg i konkurransane. 

Erik og Gudmund Kårvatn har pakka kofferten og dreg til Andorra fredag morgon. Erik er spent, men gler seg grenselaust til turen. Foto: Jon Olav Ørsal

Erik takkar sponsorane som har gjort det muleg å kome til VM i Andorra – det er Kårvatn Fjellutstyr, Matkroken Todalen og ikkje minst bessmor Dala med bakelspressa, seier Erik som gler seg grenselaust til turen og opphaldet i ei veke i Andorra. 

Gudmund er som sagt reiseleiar og lagleiar på turen.  Han seier at det er heilt utruleg kor mykje som skal ordnast før ein slik tur. Litt ekstra blir det nok på grunn av koronasituasjonen, men vi har hatt eit grit samarbeid med kommuneoverlege Buan for å få til eit trygt opplegg.  Dersom noko skjer så har vi tilgang til medisinsk personell i området.  – Ein veit aldri kva som skjer, men vi skal iallfall ta vare på kvarandere så godt vi kan på denne turen, seier Kårvatn til slutt.

Publisert: 25. februar 2021, 19:39