Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ole Magne Ansnes er ny styreleiar i Laget Vårsøg

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. februar 2021

I eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.  

Laget Vårsøg er glede og stolte over at Ole Magne har takka ja til å bli ny styreleiar i laget. Ole Magne har ein rik og solid bakgrunn innafor kulturlivet, både i Surnadal og på Sunndalsøra. Han kjenner kulturlivet og Vårsøgtradisjonen i Surnadal betre enn dei fleste. Ole Magne vil bidra med mange gode og kreative idear og vil bidra til å vidareutvikle Vårsøghelga på ein særs god måte lokalt, regionalt og nasjonalt, heiter det i pressemeldinga frå Laget Vårsøg. 

Ole Magne Ansnes seier: «Det er kjekt å bli spurt om å bidra i Vårsøghelga. Jeg var ganske aktivt med de siste årene av 90-tallet. Var også med i styret den gangen». 

«Jeg mener Vårsøghelga har et særpreg – og med det også en soliditet rent kunstnerisk og historisk – få andre kulturhelger har. Det er mange sterke ressurser som har vært med på laget opp gjennom årene, og jeg ser fram til å jobbe sammen med kapasiteter som Anders Larsen, Jon Arne Mogstad og Henning Sommerro. Og ikke minst, til å bli kjent med det som rører seg i organisasjonen i dag, av planer, folk og ressurser jeg ikke kjenner – og store tanker. Av det siste kan det aldri bli nok…», avsluttar den nyvalde styreleiaren i Laget Vårsøg.  

Laget Vårsøg takkar samtidig avtroppande styreleiar Rune Dalager for innsatsen. 

Vårsøghelga 2021 blir arrangert frå torsdag 27. – søndag 30.mai. Programmet for Vårsøghelga 2021 kan du lese meir om her: Vårsøghelga 2021 Billettsalet tek til i mars. 

Publisert: 26. februar 2021, 14:46