Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2024

Vi fann 71 artiklar i dette arkivet.


Prima forhold på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Måndag 15. januar 2024

I dag er det nyoppkøyrte løyper i lysløypa på Tjønnmyran.  Det siste snøfallet sikra nok snø til å kjøre på nye spor i lysløypa, seier Ståle Ansnes som stiller opp med traktor og spormaskin i anlegget.  Etter at det hadde regna i fleire dagar så var det berre litt av sålen som låg att i løypa.


Ny straumstøtteordning frå 1. januar i år

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. januar 2024

Frå 1. januar i år er det gjort nokre justeringar i straumstøtteordninga, som staten gjev til hushaldningar, når straumprisen, inkludert mva. er høgare enn 91,25 øre per kilowatt. Straumstøtta vil no basere seg på prisen frå time til time, og ikkje gjennomsnittsprisen for ein heil månad, som tidlegare. Straumstøtta vil framleis vere på 90 prosent […]


Tysdag – ny balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 14. januar 2024

Tysdag 16 . januar er første sjanse for servering av ball på Todalshytta i det nye året.  Som vanleg serveres det både potetball og sildball i tidsrommet 15:00 til 18:00.   Bestill gjerne på SMS 929 97 550.


Interessert i slektsforsking?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. januar 2024

Medlemmar frå Slektsforum for Indre Nordmøre og Slekt Data Indre Nordmøre, vil nokre dagar dei neste månadane, vere på plass i rommet utanfor Surnadal bibliotek på Surnadal kulturhus, for å hjelpe folk som er interessert i slektsforsking med gode råd og informasjon om korleis og kvar ein kan finne informasjon om slekter. 


Randonee-EM: avslutta med bronsemedalje

Jon Olav Ørsal Fredag 12. januar 2024

Det låg an til sølv i dagens mix-stafett, der Aron Rodal Haugen gikk sammen med Ida Waldal.  Men en liten glipp gjorde at Ida fikk et lite tillegg, og dermed glapp sølvmedaljen og de to endte på 3.-plass og berget iallfall bronsemedaljen.  Dette ble en fin avslutning på en ellers vellykket EM-deltakelse i Flaine/Chamonix i de franske alpelandskapet.  


I Surnadal Golfklubb

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. januar 2024

Styret i Surnadal Golfklubb kallar medlemmene sine inn til klubben sitt ordinære årsmøte tysdag 27. februar klokka 19:00. Møtestad er enno ikkje bestemt, men vil bli kunngjort i god tid før årsmøtet. Vanlege årsmøtesaker. Endeleg sakliste og forretningsorden blir kunngjort i god tid – i tråd med klubben si lov. 


Kåring månadens bilete desember

Guro Redalen Torsdag 11. januar 2024

Før vi kan legge 2023 heilt bak oss må vi ta ein kik på dei innsendte bidraga til dagens bilete i desember. Svært gode kandidatar er som alltid valt ut av fagjuryen, så då er det berre å gjere seg klar for røystinga.


Endrigar i ferjesambandet Kvanne – Rykkjem frå måndag 22. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. januar 2024

Som vi skreiv førre veke, etter at Kjell Gunnar Polden (MDG), hadde vore i kontakt med Atle Ræstad hos Fram Møre og Romsdal om å få endra avgangstid for siste avgang frå Rykkjem, som var meir tilpassa pendlarane. I dag fekk vi beskjed frå Fram og Atle Ræstad om at det blir nye ruter for ferjestrekninga 1061: Kvanne – Rykkjem frå måndag 22. januar.


Da er tredemølla reparert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. januar 2024

Den eldste tredemølla på Hett & Svett har ei stund vore ute av drift, noko som har halvert kapasitet for trening på tredemølle. Driftsleiar på Hett & Svett, Anders Mo, kan no opplyse at dei har funne feilen, og at ny del er montert. – Så no fungerer tredemølla som den skal igjen, kan han fortelje. 


Randonee-EM – Aron til finalen i dagens sprint, men… – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. januar 2024

I dagens sprintkonkurranse vart det etter kvart stor spenning.  Både Aron og Isak kvalifiserte seg til semifinalen, og det gjorde Aron på alle beste tid. Aron gikk videre til finalen med beste tid i semifinalen, og dermed kunne vi føle spenninga helt ut i fingertuppene.  Det gikk veien også i finalen og Aron kom inn til beste tid.  Men så enkelt var det ikke – dommerne var ikke enige, og dømte 15 sekund i tillegg for Aron.  Han hadde ikke handtert fellene på riktig måte og firkk derfor 15 nådeløse sekund i tillegg.  Dermed vart det 6.-plass og medaljen måtte vike.


Inviterer til «Nyttårsfest for eldre» i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. januar 2024

Surnadal demensforening og helselag inviterer til «Nyttårsfest for eldre» i Surnadal på Thon Hotell Surnadal onsdag 24. januar klokka 17:00. Det blir servert middag, desert og drikke. Det blir også underhaldning, loddsal og moglegheit til å ta seg ein svingom, for dei som ønsker det!


Lokalt golf-arrangement prydar heimesida «etslagmotkreft.no»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. januar 2024

Surnadal Golfklubb  har i mange år arrangert turneringa «Et slag mot kreft», til inntekt for kreftsaka. Dette har tydeligvis vorte lagt merke til i Kreftforeningen, for no er det nemleg deltakarane frå Surnadal Golfklubb si turnering på Surnadal golfpark på Mo i 2023 som prydar heimesida etslagmotkreft.no.