Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endrigar i ferjesambandet Kvanne – Rykkjem frå måndag 22. januar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. januar 2024

Som vi skreiv førre veke, etter at Kjell Gunnar Polden (MDG), hadde vore i kontakt med Atle Ræstad hos Fram Møre og Romsdal om å få endra avgangstid for siste avgang frå Rykkjem, som var meir tilpassa pendlarane. I dag fekk vi beskjed frå Fram og Atle Ræstad om at det blir nye ruter for ferjestrekninga 1061: Kvanne – Rykkjem frå måndag 22. januar.

Frå og med da blir siste avgang frå Rykkjem klokka 23:25, og inneber at ferga Driva, som har gått i sambandet ei stund no, blir bytta ut med den ordinære ferja på sambandet, Stangvikfjord seier Ræstad. Dette aukar kapasiteten på sambandet til nær det dobbelte, og vil bety mindre frustrasjonen for dei reisande, og da spesielt pendlarane, som ofte har opplevd å ikkje ha fått plass på ferja, i perioden Driva har gått i sambandet. Dei nye rutene betyr ogaå at pendlarane slepp å ta omvegen om Kanestraum – Halsa på kveldstid, for å kome seg heim etter ettermiddagsskift.

Den nye rutetabellen som gjeld frå 22. januar, ser du nedanfor:

1061 Kvanne – Rykkjem gjeldande frå 22.01.2024 – 30.04.2024

Ruteendringane inneber også at det igjen blir mogleg å ta buss frå Molde klokka 21:10 heilt til Surnadal, med ankomst rett før midnatt, kan avdelingsleiar Jarle Røkkum hos VY Buss Møre avdeling Sunndal fortelje.  

Publisert: 11. januar 2024, 14:26