Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Da er tredemølla reparert

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 11. januar 2024

Den eldste tredemølla på Hett & Svett har ei stund vore ute av drift, noko som har halvert kapasitet for trening på tredemølle. Driftsleiar på Hett & Svett, Anders Mo, kan no opplyse at dei har funne feilen, og at ny del er montert. – Så no fungerer tredemølla som den skal igjen, kan han fortelje. 

Samtidig kan han opplyse om at det i gangen på Hett & Svett heng mykje klær og står sko, som har hengt og stått der lenge. Han ber difor om at folk, som brukar å trene der, sjekkar om det er dei eig noko av klærne eller skoa, og eventuelt tek det med seg. Det som ikkje blir henta dei neste par vekene blir teke vekk, da dette tek opp plass og gjev eit dårleg førsteinntrykk!

Foto: Anders Mo

Foto: Anders Mo

Foto: Anders Mo

 

Sjekk om du eig noko av dette i løpet av dei neste par vekene. Foto: Elinor Bolme

   

Publisert: 11. januar 2024, 09:00