Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Interessert i slektsforsking?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 13. januar 2024

Medlemmar frå Slektsforum for Indre Nordmøre og Slekt Data Indre Nordmøre, vil nokre dagar dei neste månadane, vere på plass i rommet utanfor Surnadal bibliotek på Surnadal kulturhus, for å hjelpe folk som er interessert i slektsforsking med gode råd og informasjon om korleis og kvar ein kan finne informasjon om slekter. 

Dette er eit tilbod til alle, både for medlemmmar og dei som ikkje er medlemmar. Her får ein nyttige tips og råd om korleis ein kan finne ut meir om si eiga slekt og korleis ein arbeider  med slektsforsking. 

Dette foregår som sagt i rommet utanfor biblioteket på kulturhuset på desse datoane:

  • 25. januar – klokka 16:00 – 19:00
  • 8. februar – klokka 16:00 – 19:00
  • 22. februar – klokka 16:00 – 19:00
  • 7. mars – klokka 16:00 – 19:00
  • 21. mars – klokka 16:00 – 19:00

Medlemmar frå Slektsforum Indre Nordmøre og Slekt Data Indre Nordmøre vil desse dagane vere tilstades for å hjelpe folk som er interessert i slektsforsking med gode råd og tips for å finne informasjon.  

 

Publisert: 13. januar 2024, 09:49