Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalt golf-arrangement prydar heimesida «etslagmotkreft.no»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 9. januar 2024

Surnadal Golfklubb  har i mange år arrangert turneringa «Et slag mot kreft», til inntekt for kreftsaka. Dette har tydeligvis vorte lagt merke til i Kreftforeningen, for no er det nemleg deltakarane frå Surnadal Golfklubb si turnering på Surnadal golfpark på Mo i 2023 som prydar heimesida etslagmotkreft.no.

Vi reknar med at dette gjev Surnadal Golfklubb inspirasjon til å arrangere «Et slag mot kreft» også i åra framover, da det er heilt tydeleg at Kreftforeningen sett stor pris på bidraget frå Surnadal Golfklubb og dei andre golfklubbane som arrangerer desse arrangementa. 

Publisert: 9. januar 2024, 06:00