Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. januar 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Dørene opnar klokka 15:30, og middagen blir servert frå klokka 16:00. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:30.

«Felles middag» kostar kroner 50,- per person over 12 år, medan det for personar under 12 år er gratis. Du kan betale med kontantar eller Vipps.

Påmelding til Elsa Jensvold på telefon 995 18 162. Du kan også sende SMS, men da må du hugse å skrive antall og alder på dei du melder på. Påmelding seinast måndag 22. januar.

Felles middag 24. januar

Kyrkja i Surnadal ønske alle velkommen til «Felles middag»!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 21. januar 2024, 19:00 - Sist oppdatert: 22. januar 2024, 07:38