Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Litt roleg på kinoen – men gode stikk

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. januar 2024

Mange gode kort på Surnadal kino no, og Seniorfilmklubben tek det første stikket. For det er klassikaren frå 1973, med Robert Redford og Paul Newman, som er sett øvst på plakaten i filmklubben denne vinteren. Onsdag 24. januar klokka 12:00 blir det ragtimemusikk og «høk-over-høk» (eller «skurk-lurar-skurk», som kanskje er meir forståeleg i dag). «The Entertainer», musikken frå «Stikket», vil dei fleste kjenne att.

 

Radarparet Redford/Newman laga berre to filmar saman, og både «Stikket» og «Butch Cassidy & The Sundance Kid», må reknast som solide klassikarar.

Seniorfilmklubben viser yngre og eldre film og alle er velkomne til dette filmtilbodet på dagtid.

 

«Poor Things». Foto: Century Studios

Det er kommersielt ei lita «dau-tid» på Surnadal kino akkurat no, men kvalitetsmessig blir det vist filmar som vil bli ranka mellom dei aller øvste i år. «Poor Things» er til dømes nominert til fleire prisar under Oscars-utdelinga i mars. Konkurransen er særs hard i år, men det dryp sikkert noko på POOR THINGS også, som er «en helt ellevill fabel» og «et festlig fyrverkeri av en film som er noe av det råeste jeg har sett på lenge», skriv NRKs meldar.

«Poor Things» blir vist søndag 21. januar klokka 19:00 og onsdag 24. januar klokka 20:00.

«Vertshuset The Old Oak». Foto: Ymer Media AS

Den andre ganske nye vaksenfilmen er  «Vertshuset The Old Oak», som er annonsert å vere den siste filmen til ein som har levert kvalitetsfilm gjennom nærare 60 år; 87 år gamle Ken Loach. I motsetnad til regissørar flest, kvir ikkje engelske Loach seg for å lage realistiske filmar frå eiga samtid. Og treff han på skildringa, treff han også hjartet til dei som ser på. Og det gjer han også i VERTSHUSET THE OLD OAK, som NRK skriv er «nok en varm, sterk og human film» frå ein regissør som vil noko med filmane sine.

«Vertshuset The Old Oak», blir vist tysdag 23. januar klokka 19:30 og torsdag 25. januar klokka 19:30. 

 

Det er lite barnefilm tilgjengeleg akkurat no, så Surnadal kino, viser i påvente av nye filmar, «Bukkene Bruse på badeland» søndag 21. januar klokka 17:00 og onsdag 24. januar klokka 18:00.

 

Og for dei som såg Lindmo på NRK for ei veke sia, der den (nord)norske dokumentarfilmen «Sau» vart presentert, så har den norgespremiere fredag 26. januar, og blir vist på Surnadal kino tysdag 30. januar klokka 19:30 og torrsdag 1. februar klokka 13:00 (dagfilm) og klokka 19:30.

Fullstendig kinoprogram ser du på surnadal-kulturhus.no/filmer/.

Først publisert: 20. januar 2024, 09:18 - Sist oppdatert: 22. januar 2024, 12:22