Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kveld med fokus på eldreomsorg og velferdsteknologi

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2024

Det var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt.  Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.

Medisindispenseren sørgjer for å dele ut medisin til brukarane til rett tid og i rett mengde. Foto Jon Olav Ørsal

Helge Røv innleia, og minte oss på den tida da det var sjukeheim på Åsen og sidan den gongen har det vore ei enorm utvikling, både med folkehelsa, levealder og talet på eldre som treng omsorgtenester.  Dei siste åra har det vore mykje fokus på at det er for få hender i omsorgsbransjen.  For få hender er det forresten i fleire bransjar, og det fører til sterk konkurranse om arbeidskrafta.  

Helse og omsorgstroppa – viktig å halde til så langt ned i trappa som muleg. Foto Jon Olav Ørsal

Derfor er det no prata mykje om at vi må ta i bruk velferdsteknologi som kan erstatte ein del av dei hendene som vi manglar.  Ikkje slik å forstå at vi kan erstatte omsorgsarbeidarane, men vi kan ta i bruk ein del hjelpemiddel, som kan gjera kvardagen enklare og betre både for dei som treng omsorg og for dei som skal yte omsorg.  

De nye trygghetsalarmane kan ha fleire funksjonar – her har du eit arbånd på deg som kommuniserer med sentralen. No kan alarmane ha funksjonar for f.eks brannvarsling. Foto Jon Olav Ørsal

Som eit eksempel på veferdsteknologi har ein no begynt å ta i bruk medisindispensere som kan dele ut medising. Disponseren minner deg på at du skal ta medisinen din til rett tid gjennom dagen.  Etter at du har teke medisinen så kvittereer du på at du har gjort det.  Dersom du ikkje kvitterer så minner dispenseren om at du har glømt det.  

GSM kan være eit godt hjelpemiddel for å følge med kvar pasienten har tilhald. Foto jon Olav Ørsal

Vi må altså tenke litt nytt, og venne oss til at vi for eksempel kan ta i bruk digitale tenester som kan minne oss på om ting og som kan følge med litt på det som foregår. F. eks kan eit kamera og ein sensor følge med om du faller og blir liggande på golvet – for så å alarmere slik at du kan få rask hjelp.  Pål Ranes er «digitaleringssjef» i kommunen og er anvarleg for å utvikle gode tenester som kan styrast digitalt og være med og gje brukarane eit trygt og godt liv i kvardagen.  

Her vart trygghetsalarmen testa mot sentralen i Kristiansund – og jammen fekk vi svar. Foto Jon Olav Ørsal

Elin Betten og Ingvild Kårvatn i Heimetenesta testar ut medisindispenseren som dei alt har teke i bruk. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 23. januar 2024, 06:00 - Sist oppdatert: 22. januar 2024, 22:33