Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kaffekrokens venner» igang med trim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

I dag starta «kaffekrokens venner» opp med sin vekentlege trim på Hett & Svett. Sju stykker frå gjengen, som «normalt» er å finne i kaffekroken på Matkroken Todalen, hadde møtt fram denne første gongen. Under kyndig rettleiing frå Kjell Gunnar Polden fekk dei prøve mange forskjellege øvingar i løpet av timen som var avsett til dagens trim. 

Ragnar Halle på tredemølla. Foto: B G Ansnes

«Kaffekrokens venner» har som mål om å ha trim kvar onsdag ei stund framover etterjulsvinteren og våren. To av deltakarane har donert kvart sitt treningsapparat, som skal monterast i nær framtid. – Det var artig med så bra oppmøte, seier ein av initiativtakarane, Anders Mo. – Det er fortsatt plass til fleire, legg rettleiar, Kjell Gunnar Polden til. 

Vi reknar med at denne første trimmen, vart avslutta med ein tur innom kaffekroken for ei sosial avslutning! Plana er at det blir ny trim onsdag 7. februar frå klokka 10:00 – 11:00!

Publisert: 31. januar 2024, 11:37