Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gjorde seg kjent med Talgø og Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. januar 2024

Måndag og tysdag var leiinga i Bindal kommune på besøk hos Talgø – det var nyvalt ordførar Frode Næsvold, kommunedirektør Knut Thoressen og saksbehandlar Camilla Brevik.  Dei var på Nordmørstur i anna ærend, og tok da turen til Todalen.

Erling Talgø, lengst til venstre sørga for presentasjon av Talgø si verksemd på lokalplanet. Foto Jon Olav Ørsal

Ordførar Frode Næsvold tykte det var på tide å besøke Talgø på heimebane for å sjå kva dem held på med, for Talgø er ein betydeleg næringslivsaktør i Bindal kommune etter kvart.  -Vi har fått omvising både her i Todalen og på anlegga i Surnadal, og er imponert over det som Talgø har fått til. 

Talgø har også mange prosjekt både i Bindal og i Rørvik/ Kolvereidområdet.  Hos oss i Bindal kan vi nemne Bygger’n-butikken og Servicesenteret på Terråk, Langstranda hyttefelt og småbåthamna og ikkje minst Talgø Agrobygg på Bindalseidet som er ein betydeleg aktør på landbruksbygg på Helgeland og nordover. 

Omvisning på Talgø Bygg i Todalen – frå venstre Camilla Brevik, Frode Næsvold, fabikksje Michal Heimlund og Knut Thoressen. Foto Jon Olav Ørsal

Frode Næsvold seier at dei er spesielt interessert i kva Talgø har å by på når det gjelder bustadbygg, for Bindal kommune er under press på grunn av flyktningesituasjonen på same måte som mange andre kommunar både lokalt og nasjonalt.

Publisert: 30. januar 2024, 16:46