Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag: Selebert besøk i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Måndag 29. januar 2024

Laurdag 3. februar kjem det besøk utanom det vanlege til Kaffekroken på Hals-bua og til Todalen kyrkje.  Da kjem preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit på besøk og kaffelag på Kaffekroken.  Fykse Tveit skal være på Nordmøre frå torsdag til søndag, og han skal saman med sitt følgje innom fleire plassar på turen – mellom anna Tingvoll, Smøla, Kristiansund og til Averøya.  Med i følgjet blir biskop Ingeborg Midttømme og prostane Vidar W. Rygh og Sindre Kulø.

leiar i Todalen sokneråd Borghild Talgø gler seg til selebert besøk. Foto jon Olav Ørsal

Besøket i Todalen har kome i stand som eit spesielt ønske frå preses.  På kontoret i Trondheim held dei nok eit auge med besøksstatistikken i kyrkjene.  Der har nok Todalen kyrkje merkt seg ut med ei stor auke den siste tida.  Saken botnar nok ut i debatten om å stenge kyrkjer for å spare pengar – det har nok vore tema i Kaffekroken også, og dette har nok ført til at gjengen i Kaffekroken har motivert både kvarandre – og andre, til å delta på gudstenestene i Todalskyrkja. Todalingane har også fått mykje skryt for salmesongen i kyrkja dermed har det «klabba på seg» og begynt å bruka kyrkja meir.  Og som sagt, så har dette gjeve seg utslag i statistikkane og vorte lagt merke til i kyrkjeleiinga med preses Olav Fykse Tveit i spissen. 

Soknerådet saman med prost Vidar W. Rygh og prest Torbjørn Brøske. Frå venstre Rune Moe, Vidar W. Rygn, John Moe, Boerghild B. Talgø, Ola Bruset, Einar Husby og Torbjørn Brøske. Foto Todalen sokneråd

Programmet for besøket i Todalen går i kortheit ut på at soknerådet inviterer til kaffelag i Kaffekroken frå ca. kl. 14:00.  Her blir det oppfordra til at alle som har lyst er velkomne, og folk blir oppfordra til å kome som dei er for å bli med på kaffelag og ein triveleg prat.   Vidare går turen til Todalen kyrkje, der det er liturgisk samling kl 15.30, med ein kort andakt, medan det i hovudsak vil bli fokus på salmesongen. Borghild Talgø og resten av soknerådet håpar at folk tek seg tid til å blir med – både i Kaffekroken og i kyrkja etterpå. 

Etterpå dreg følgjet vidare til Tingvoll, der dei skal ta del i gudstenesta søndag 4. februar.

Her finn du Matkroken Todalen, eller Halsbua om du vil. Her er Kaffekroken, og her treffer du kjentfolk. Foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 29. januar 2024, 23:00 - Sist oppdatert: 4. februar 2024, 07:53