Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad i Svinviks arboret tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

Laurdag 18. mai er det sesongopning i Svinviks arboret, og for å gjere arboretet klart til ein ny sesong inviterer arboretet til vårdugnad tysdag 7. mai klokka 18:00. Så vil du vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong med hageglede og opplevingar? Da er det berre å ta turen tysdag! Ta med hanskar og høveleg reiskap, der rive og hagesaks vil vere mest aktuelt under vårdugnaden. 

Det blir varierte arbeidsoppgåver som luking, stirydding og anna forefallande oppgåver.

Kaffe og enkel servering med sosialt samvær etter vårdugnaden!

Laurdag 18. mai er det sesongopning i Svinviks arboret. Foto: MF/Svinviks arboret

Dugnaden er eit samarbeid med Surnadal Hagelag.

Svinviks arboret ønsker alle velkommen!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. mai 2024, 16:56