Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varmebølge – godt å kjøle seg ned

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. juli 2019

Natt til onsdag var det ikkje langt unna at vi hadde tropenatt i Todalen, men sjølv om denne sjansen glapp i natt så blir det fleire. For varmen vil vedvare til over helga, og først tysdag og onsdag i neste veke vil vindretninga dreie på nordvest og gi litt nedbør og kaldere vêr.  I dag har vi sett trettitalet på gradstokken og det vil vi nok få sjå dei neste dagane og.

Bak frå venstre Frank Øyen og Marit Holmeide. Framfor Leah, Nora og Ida – sammen med border collien Ronja. Foto: Jon Olav Ørsal

I Rauåhølen tok familien Øyen seg ein dukkert – far Frank og mor Marit, saman med dei tre borna Leah, Ida og Nora og ikkje minst familiehunden Ronja. Dei kunne rapportere om god temperatur i Toåa og konkurrerte slett ikkje om fiskeplassen i Rauåhølen med nokon laksefiskarar denne dagen. Dei var på familiebesøk i Todalen og på Tingvoll, og bur egentlig i Svelvik ved Drammen.

Badeliv har det også vore i sjøen, men i dag var det litt for sterk vind slik at badinga var avslutta når vi var innom tidlegare i dag. På badeplassen ved båthamna er det lagt fint til rette for bading, mellom anna er det satt opp ein eigen WC for badeplassen.  

Publisert: 25. juli 2019, 14:20