Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjølvbetent eggutsal i Pestua

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. november 2023

I Pestua er det no mogleg å kjøpe egg døgnet rundt, altså 24/7. Via det nybygde sjølvbetente utsalsrommet, ved sia av kjølelageret i hønsehuset. Her kan du få kjøpt XXL, store, usorterte og medium egg. Men Anders Karlsen understrekar at alle framleis er velkomne til å ta kontakt for å få kjøpt egg på same måte som tidlegare. Det same gjeld om ein ønsker å kjøpe bakaregg og for spesialbestillingar.   

Anders fortel at dei sorterer og pakkar egg i tidsrommet 08 – til bortimot 10 på kvardagar og 09 – til bortimot 11 på helg og heilagdagar. – Elles er det berre å ta kontakt for å avtale tidspunkt for henting, akkurat som tidlegare, understrekar han. – Det gir eit triveleg avbrekk at folk stikk innom ein tur, legg han til. 

Brukarvennleg betalingsløysing med god forklaring. Foto: B G Ansnes

På sjølvbeteningsutsalet betaler ein altså med Vipps. Her kan ein bruke kameraet på telefonen, da kjem ein rett inn i menyen og kan velje type egg ein vil kjøpe og deretter betale. Ein kan også sjølvsagt taste inn Vipps-nummeret. «Heilt genialt og ein enkel måte å få kjøpt egg på, akkurat når det passar!», sa ein eggkjøpar, som var innom og kjøpte egg da vi var der.

Sjølvbeteningsutsalet ligg ved sia av kjølerommet, og ein bruker da den kvite døra til høgre på austveggen for å koma dit. Har ein avtalt henting, brukar ein same dør som tidlegare.   

Odd Magne Haugen førebur montering av luka mellom kjølerommet og sjølvbeteningsrommet. Foto: B G Ansnes

Anders fortel at dei har hatt planer om sjølvbetent eggutsal ei stund, men at dei har brukt litt tid for å få ei så god og funksjonell løysing som mogleg. Løysinga vart å lage ei luke mellom kjølerommet og sjølvbeteningsrommet, noko som gjer det enkelt og effektivt å fylle på med nye brett med egg.

– Dyrevelferd er viktig for oss, og noko vi arbeider aktivt med heile tida, seier Anders. Foto: B G Ansnes

Publisert: 30. november 2023, 15:15