Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine forhold for skogsdrift no

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. november 2023

På flat mark er det nok rundt 50 cm tele no, og det er nok perfekte forhold for å drive med skogsdrift.  Solli Skog er i full gang med skogsdrift for Talgø Gard, der Anita Talgø er grunneigar. 

Her er det hogge ut eit granfelt på nordsida. Foto Jon Olav Ørsal

Her skal det no i vinter hoggast godt og vel 2.000 m3 – både gran og furu, og dei starta med eit hogstfelt på nordsida, der det var mest gran. Her står det att mykje utkjøring enno, men det blir nok etterkvart.  No har dei flytta over på sørsida, og er i full gang i Huslia, der det skal hoggast både gran og furu. 

Vi stoppa og tok nokre bilder i forbifarten i dag, og da var det lastbæraren som var i gang med å kjøre ned tømmer frå Huslia.  Dette vart lagt på ein lunningsplass på ekra mellom Talgø Gard og Vestrum.

På ekra mellom Talgø Gard og Vestrum er det anlagt lunningsplass. Foto Jon Olav Ørsal

I Huslia er det ein del furu i tillegg til grana – fint skurtømmer som ventar på utkøyring. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. november 2023, 13:25