Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i nydeleg vinterver

Dordi Jorunn Halle Tysdag 28. november 2023

Siste kløverturen i 2023 gjekk i Toåa tursti i nydeleg vinterver; – minus ti grader, skyfri himmel og snødekt mark.

Det var riktig kaldt da turfølget starta på turen innover Kvennsetgarden, men underleg nok vart temperaturen behageleg da turgåarane kom ned i turstien

Heldigvis er det slik at folk går turstien uansett ver og føre, så der var det hardtrappa sti i snøen, – altså fint og lett å ta seg fram.

Etter turen var det pratestund i Kaffekroken.

No er det kløverturpause fram til sola dukkar fram att att i 2024.

Retteleg hustre innover Kvennsetgarden. Foto: Marit Sanden Søyset.

Ved Båthølen: Dordi, Synnøve, Marit, Helga, Åse, Helen, Arndis. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Oppsummering frå året 2023:

Det har vor 30 turdagar, 14 vårturar og 16 haustturar. Dei fleste turane har vore innafor Kammen, men det har og vore litt lengre utflukter som til Kavlvegen på Surnadaleidet, Øygardshalsen og Haltbakkan. Det gjer godt med variasjon!

Deltakartalet har variert frå seks til trettitre, og i løpet av året er det utført 285 turar.

Kløvertur er ein av basisaktivitetane til Sanitetskvinnene, og den første kløverturen i regi av Todalen sanitetsforening vart arrangert 13. februar i 2017. 

Sol oppe i liene og ute i Stranda. Kjekt å vere ute på tur i lag! Foto: Marit Sanden Søyset.

Kjøle fin dag! Hardtrappa smal dåre. Foto: Marit Sanden Søyset.

Legg merke til steinen i treet. Meldinga er: Ta vare på kvarandre! Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 28. november 2023, 00:21