Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bugge Wesseltoft til Vårsøghelga 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. november 2023

Sjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.

Søndag 26. mai klokka 15.00 held nemleg vi Bugge konsert i den unike akustikken i Stangvik kyrkje. Bugge Wesseltoft har gjennom si juleplate «It´s Snowing on My Piano», spela seg inn i dei norske hjarter og heimar.

Bugge har etablert seg som ein av dei aller største norske musikarane vi har, med ein stor fanskare rundt omkring i heile verda. Bugge har vunne ein rekke prisar, mellom anna fleire Spelemannsprisar, Buddyprisen, Telenors kulturpris med meire.

Bugge Wesseltoft har samarbeidd med artistar som Jan Garbarek, Bertine Zetlitz, Terje Rypdal, Nils Petter Molvær og Mari Boine m. fl. Her får vi altså oppleve ein levande legende live på flygelet i den fantastiske kyrkja i Stangvik.

På konserten i Stangvik kyrkje får ein i tillegg høyre det som er rekna for eit av landets beste og mest spennande kor for tida. Det er Nidaros Vokal, med sin dirigent og leiar Ragnar Rasmussen. Nidaros Vokal er eit ensemble som består av songarar  hovudsakleg utdanna ved NTNU sitt Institutt for musikk i Trondheim.

Billettar til konserten i Stangvik kyrkje er i sal på Surnadal kulturhus, og på surnadal-kulturhus.no.

Vårsøghelga ønsker alle velkomne til Vårsøghelga 23. -26. mai 2024!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. november 2023, 13:39