Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2023

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023

Sønndag 16. juli klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Bjørn Hovde og organist er Magnhild Frydenlund Brøske. 


Ein liten kollisjon og litt flaks

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. juli 2023

To bilar kom nok litt for nær kvarande på rettstrekningqa mellom Bleikhammaren og Nordvik tysdag ettermiddag.  Det skal være svikt i styrestag som var årsak til uhellet.  Glidekanten ga etter, men til alt hell så klarte gidekanten å halde mot slik at bilane ikkje hana utfor den høge skråninga på staden.


Informasjon om røystegjeving i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023

I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.  


Kommunal kantslått

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2023

Måndag var det tid for kommunal kantslått i Dalavegen.  Vi snappet opp et bilete da doningen var på tur fra Trudvangkrysset og oppover Falla, og det bers vel kanskje heilt til Kårvatn før han snur og tek andre sida på turen nedatt.


Tømmekalender for juli og august er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juli 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for september og oktober, vil bli lagt inn i starten av september månad. 


Med SUP og nysteikte vaflar på Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2023

Søndag var det tid for den årlege turen til Vangshaugen for å kjøpe kaffe med nysteikte vaflar med Sunndalsgraut. Det er prima vare, som godt kan nytast på steintrappa utafor hovudinngangen. På turen er det også obligatorisk stopp ved Jenstadjuvet, der 3 elvar hivar seg ut i høge fossefall, og samlast til ei elv i dalbotn.  Dette synet er meir imponerande jo større vassføringa er, og sjølvsagt finast når det er sol – og det var det i dag.


Månadens bilete juni

Guro Redalen Sundag 9. juli 2023

Juni kom med grønkande hagar, blomar på strå, netter ljose som dagar og blinkskot ingen venare kunne sjå. Og før vi kan legge månaden heilt bak oss, står det att å kåre månadens bilete.


Stangvik historielag med interessant tur til Averøya og Hustadvika

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. juli 2023

Laurdag 8. juli inviterte Stangvik historielag til busstur utover til Averøya og Hustadvika kommunar; det vart ein svært så triveleg, interessant og lærerik tur i strålande sol! Heile 38 personar var med på turen. Ansvarlege for tur og opplegg var Lars Gudmund Røen, Marit Haugen, Mette og Lars Steinar Ansnes med støtte frå John Moe frå Todalen historielag.


Bra besøk på årets bakelsdag på Skihytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. juli 2023

Bakelsdagen har lang tradisjon på skihytta – bakelskokken Knut Halset står som fast arrangør og kjøkensjef.  Knut var nok umåteleg heldig med bakelsvêret, etter som han diska opp med sol frå blå himmel, og fekk skikkeleg respons frå publikum som tok turen til skihytta.  Alle som tok turen til skihytta til Todalen idrettslag denne dagen, var traktert med gratis kaffe med bakels og graut – snakk om trivselstiltak!


Open kafe i Slettneset søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juli 2023

I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre. 


TodalsCupen 2023 i bilete

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juli 2023

I dag er det akkurat ein veke sidan Todalsdagen 2023 og fotballturneringa TodalsCupen vart arrangert på Bordholmen stadion. Arets utgåve av TodalsCupen samla 28 lag med spelarar i alderen 6 – 11 år til vennskapeleg kamp om ballen og måla. 


Bra respons på Svartvassbakkan

Jon Olav Ørsal Fredag 7. juli 2023

Det har vore bra respons på SE-TA Project i Svartvassbakkan.  Etter eit par veker ar det alt notert salg på fleire av leiligheitene.  I dag har Surnadal kommune meldt seg på, og kjøper 6 leiligheiter av Flex-varianten – det betyr ei heil blokk.  Det er tidlegare notert sal av 1 leilighet i av Flex i 6-mannsbustad og 1 leilighet av Kvartett i 4-mannsbustad.  Det betyr at vi no setter på full fart for å starte planlegginga og satsar på snarleg byggestart, sier Erling Talgø i Talgø .