Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med SUP og nysteikte vaflar på Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juli 2023

Søndag var det tid for den årlege turen til Vangshaugen for å kjøpe kaffe med nysteikte vaflar med Sunndalsgraut. Det er prima vare, som godt kan nytast på steintrappa utafor hovudinngangen. På turen er det også obligatorisk stopp ved Jenstadjuvet, der 3 elvar hivar seg ut i høge fossefall, og samlast til ei elv i dalbotn.  Dette synet er meir imponerande jo større vassføringa er, og sjølvsagt finast når det er sol – og det var det i dag.

Jenstadjuvet imponerer – her møtes tre fossefall og blir til eit. Foto Jon Olav Ørsal

 

Vel framme ved Vangshaugen fekk vi sjå nybrua som for lengst er teken i bruk, men brua mangla enno rekkverk, men det var det heller ikkje på den gamle steinbrua.  Brua knyter til Gammelsetervegen utover dalen til Stortela, og er bomveg for ein 50-lapp.

Malene Jønsson sørga for traktering med nystekte vaflar med graut – prima vare! Foto Jon Olav Ørsal

På Vangshaugen trefte vi Kirsti Edøy som er vertinne på Vangshaugen. Ho fortalte at det har vore ein bra start på sesongen, og at det teiknar til å bli bra aktivitet utover sommaren.  Denne helga har det vore nærast «sprenghelg» med både mange gjestar og privat arrangement i tillegg. 
Kirsti er vertinne på andre året no og trivst godt på Vangshaugen, og skryter av dyktig medarbeidarar som står på for at gjestane skal trivast.  – Vi har alt hatt uvanleg mange fotturistar til å være så tidleg i sesongen, og det lovar godt for resten av sesongen. Vi hadde forresten en bra sesong i fjor også, sjølv om det var mange av dei andre hyttene som sleit litt, seier Kirsti.

Kirsti poserer med graut og vaflar – foto jon Olav Ørsal

Vi fekk forresten tilbod om å være med på sjøsetting av nye SUP-brett nedmed båthuset.  Dette skal bli eit nytt tilbod med utleie på Vangshaugen. Lurer du på kva SUP er, så står det for «Stand Up Paddle», men kallast oftast berre for padlebrett som er oppblåsbare.
Vertinna sjølv stod for premieren, og i beste Pippi-ånd så fortalte ho at ho aldri har prøvd dette før, men at ho rekna med å klare det. Premieren gjekk bra heilt til ho skulle opp i ståande, før ho gjekk i land – da vart det eit kjempeplask.  Men temperaturen i Storvatnet var det ingen ting å klage på, sjølv om det ligg på 735 meter over havet.  med litt trening så blir det vel bra?

Plask! Plutselig vart det vanskelg å halde balansen, og dermed fekk Kirsti prøve badetemperaturen i Storvatnet – og den va ganske grei på søndag. Foto Jon Olav Ørsal

Hytta på Vangshaugen ligg på 740 m.o.h. og er ei betjent fjellhytte som drives av KNT – Kristiansund og Nordmøre turistforening. Foto Jon Olav Ørsal

Kristiansund og Nordmøre turistforening er medlem i Todalen.no 

Først publisert: 10. juli 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 9. juli 2023, 20:02