Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon om røystegjeving i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023
I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.  

Førehandsrøysteperioden

Førehandsrøysteperioden er altså frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september, og førehandsrøystinga går føre seg på Surnadal kulturhus frå klokka 09:00 – 15:30 på kvardagarne. Dei to siste vekene før valet blir opningstida frå klokka 09:00 – 17:00 med unntak av siste fredagen før valet. Da blir det halde ope fram til kl. 15:30.

Dersom du førehandsrøyster, kan du røyste i kva kommune du vil i landet. Røysta di blir da sendt til din heimkommune. Husk å ta med valkort og legitimasjon!

Røyste i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøyste frå 1. juli – 1. september, hos utenriksstasjonane eller røystemottakarar som er oppnemnt av Sysselmannen på Svalbard og av Valgdirektoratet. 

Førehandsrøysting på institusjonar og andre stadar

Det blir førehandsrøysting ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal vidaregåande skole – Tysdag 5. september klokka 10:00 – 12:00
  • Nordmøre folkehøgskole – Tysdag 5. september klokka 13:00 – 15:00
  • Surnadal sjukeheim – Onsdag 6. september klokka 10:00 – 12:00
  • Bårdshaugen omsorgsbustader – Onsdag 6. september klokka 13:00 – 15:00

Alle som ikkje har høve til å røyste ved ein ordinær røystestad kan røyste desse dagene.

Røyste før 10. august (tidlegrøyste)

Veljarar som oppheld seg innanriks, unnateke på Svalbard og Jan Mayen, og som ikkje kan røyste i perioden for førehandsrøysting eller på valtinget, kan vende seg til kommunen for å få tidlegrøyste frå 3. juli til og med 9. august.

Tidlegrøysting skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå klokka 9:00 til klokka 15:00. For avtale om tidlegrøysting, ring kommunens sentralbord på telefon 71 65 58 00

Søke om å få røyste heime (ambulerande røystegjeving)

Kan du ikkje røyste i eit vallokale på grunn av sjukdom eller uførheit, kan du søke om å få førehandsrøyste der du oppheld deg. Dersom du får innvilga søknad til om å røyste heime, kjem det to valmedarbeidarar heim til deg og mottek røystesetelen din der.

Frist for å søke om å få røyste heime er 5. september 2023.

Søknaden må innehalde namn, telefonnummer, adresse og personnummer. Du vil få nærare melding om tidsrom for rystegjeving.

Søk per e-post til post@surnadal.kommune.no

Søknaden kan også sendast vi post til:

Valstyret i Surnadal
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Husk legitimasjon! 

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Identifikasjonspapir med namn, fødselsdato og bilete, som til dømes pass, bankkort med bilete og førerkort blir godteke som legitimasjon. Valkort er ikkje nødvendig for å få røyste, men det kan gå raskare om du tek det med. 

 

Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 11. juli 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 10. juli 2023, 18:25