Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

TodalsCupen 2023 i bilete

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juli 2023

I dag er det akkurat ein veke sidan Todalsdagen 2023 og fotballturneringa TodalsCupen vart arrangert på Bordholmen stadion. Arets utgåve av TodalsCupen samla 28 lag med spelarar i alderen 6 – 11 år til vennskapeleg kamp om ballen og måla. 

Stor innsats frå ivrige spelarar. Foto: B G Ansnes

Sjølv om talet på påmeldte lag i år var litt lågare enn toppåra, med tanke på påmeldte lag, så vart også årets utgåve ein cup som truleg skapte mange gode fotballminne for dei unge og ivrige spelarane. Vêret var perfekt for å spele fotball i, med akkurat passe temperatur og ikkje for sterk sol. 

God innsats også i dei eldre klassane. Foto: B G Ansnes

Årets Todalsdag med fotballcup vart ein fin dag, konstaterer leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. 

Eg vil nytte høvet til å seie tusen takk til alle våre sponsorar og samarbeidspartnarar for støtta til årets Todalsdag!, seier ein takknemleg leiar. 

Eg vil også seie tusen takk til alle dei frivillige som nok ein gong har stilt opp på dugnadar, før og etter Todalsdagen, og under sjølve arrangementet!, legg ho til. – Utan våre sponsorar, samarbeidspartnarar og alle frivillige, hadde det ikkje vore mogleg å arrangere Todalsdagen, avsluttar ho. 

Innsatsen på topp også her! Foto: B G Ansnes

Nedanfor er det eit galleri med bilete av nestel alle laga, etter at dei hadde teke imot premiane sine. Alle bileta er tekne av B G Ansnes.


Publisert: 8. juli 2023, 07:44