Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag med interessant tur til Averøya og Hustadvika

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. juli 2023

Laurdag 8. juli inviterte Stangvik historielag til busstur utover til Averøya og Hustadvika kommunar; det vart ein svært så triveleg, interessant og lærerik tur i strålande sol! Heile 38 personar var med på turen. Ansvarlege for tur og opplegg var Lars Gudmund Røen, Marit Haugen, Mette og Lars Steinar Ansnes med støtte frå John Moe frå Todalen historielag.

Etter å ha plukka opp dei siste turistane på Ålvundfossen gjekk turen utover Tingvollhalvøya til Kristiansund, gjennom Atlanterhavstunnelen og til Averøya. Første stopp var på Kårvåg på Bjartmars kro, og der var det servering av kaffe og nydeleg eplekake med is og krem!

Bjartmars kro! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Atlanterhavsvegen – eit stort eventyr!

Atlanterhavsvegen med åtte bruer opna i 1989 – etter ein «trong fødsel» og byggestart i 1983. Målet var å få fastlandssamband mellom Averøya og omlandet, og poltikarar og styresmakter meinte at det ville bli eit lite lønsamt prosjekt; truleg knapt nok inntekt til å lønne bompengeinnkrevjarane! Men slik gjekk det ikkje. Turistane strøymde til i tusental og alt i 1999 vart bomstasjonen fjerna og prosjektet nedbetalt!

Atlanterhavsvegen – stor turisttrafikk året rundt! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Storseisundbrua. Foto: Dordi Jorunn Halle.

I 2009 vart Atlanterhavstunnelen mellom Kristiansund og Averøya opna ein ny milepæl i samferdselshistoria på Nordmøre. Folketalet på Averøya aukar stadig og har no 5900 innbyggarar.

Atlanterhavsvegen er ein av dei 18 nasjonale turistvegane i Noreg og er kåra til Århundrets byggverk 1995 – 2005 i Møre og Romsdal. Den britiske avisa The Guardian har kåra Atlanterhavsvegen til verdas finaste bilveg!! Det er mange fine turstiar i området, ikkje minst så er Svevestien på Eldhusøya ein attraksjon i seg sjølv!

Målet med Atlanterhavsvegen og Atlanterhavstunnelen var å gjera Averøya landfast, men så vart det altså ein av Noregs største turistattraksjonar!

Svevestien på Eldhusøya. Fin tursti tilrettelagt for alle! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Vevang og Fræna – Hustadvika

Ferda vidare gjekk forbi Vevang og Fræna med store og gode jordbruksområde, og vi passerte Hustad fengsel. Hustadvika er eit av dei mest verharde og stormfulle sjøstrekningane langs kysten. 23. mars 2019 fekk cruiseskpiet Viking Sky motorstopp i styggver på Hustadvika og unngjekk grunnstøyting med 100 meters margin! Det var stor dramatikk og nær ei katastrofe. Men alle dei 1400 personane om bord, mange eldre og til dels skrøplege menneske, vart bega! Brynhallen på Farstad vart mottakssenter og mange frivillige gjorde ein kjempeinnsats.

I 1938 var det også dramatisk da frakteskipet «Rokta» grunnstøytte ved Galdskjæra i storm, «Forliset som rørte nasjonen» – eit forlis som vart dekt av NRK radio og alle landets aviser. Seks av mannskapet av tolv og to bergingsmenn drukna. Arnulf Øverland skildra hendinga i diktet «Sjøfolkene på Hustadvika». Diktet startar slik:

Der kom en melding fra Bjørnsund: I natt var det gått et skip på grunn. Skøiter og fiskebåter gikk ut. De gjorde en nesten umulig ting: å seile tvers gjennom bråttenes ring og fiske opp folk av havet!

Bryggen i Bud. Arkivfoto.

Bud

Bryggen i Bud var neste stopp og her var det utruleg god middagsbuffet! Etterpå fortalde Mette Ansnes, ekte buaværing, om Bud, både om historia til staden og Bud i dag. Mette slo fast at det heiter i Bud og ikkje på Bud, og at uttalen er Bu, altså stum d. Namnet kjem av ei bu, altså rorbuer som dei tilreisande fiskarane budde i under sesongfiske. Tettstaden Bud har 800 innbyggarar og ligg i Hustadvika kommune. Frå historia kan vi nemne at erkebiskop Olav Engelbrektsson heldt riksmøte her i 1533. Riksmøtet vart halde der Ergan kystfort ligg i dag.

Turgruppa har fått på hjelmar og er klare til å gå ned i Ergan kystfort. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Guiden Emanuel losa oss trygt og godt gjennom holer, kommandorom, utkiksrom og tronge trappenedgangar. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Ergan kystfort vart etablert av tyske troppar i tida 1941 – 1945. Kystfortet var strategisk viktig for å kontrollere skipsleia til Ålesund, Molde og Kristiansund og gi tyske krigsskip sikkerheit over Hustadvika. Fortet vart bygd av polske og russiske krigsfangar, dei vart hardt utnytta og ofte dårleg behandla. Her er det tunnelar, utkikspostar, kommandosentral og standplassar for kanonar. Heile 38 bustadhus, åtte fjøs og fleire naust vart rivne for å gi plass til fortet.

Turgruppa fekk omvisning av ein flink guide inne i fortet. Det vart også vist film om Bud frå vikingetid til i dag og om Bud kyrkje frå 1717. Kyrkja i Bud var fleire gonger utsett for lynndeslag og brann.

Frå kommandorommet i fortet. Her kunne ein speide utover Hustadvika. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Utover Hustadvika – sett frå utkiksrommet i fortet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Melby Snekkerverksted

Melby Snekkerverksted. Her var det blanding av avanserte hightecmaskiner og gammaldagse høvelbenkar, sju i talet og dei er i dagleg bruk! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Til slutt gjekk turen innom Melby Snekkerverksted på Eide. Dei er trappespeialistar og produserer berre trapper og skreddarsydde trappeløysingar til kundar i inn og utland! Her er det eit spektakulært trappestudio som mange ikkje hadde sett maken til! Dei har fått fem prisar for trappene sine i Tyskland. Bjørn Melby, gründer og leiar ved bedrifta, viste oss rundt og fortalde om «trappeeventyret». No er Melby Snekkerverksted tilknytta Talgøkonsernet, og truleg blir det trappestudio oppe i Gammelfabrikken, og. Spennande.

Trappestudio – her er det berre å velje og vrake! Foto: Dordi Jorunn Halle.

Bjørn Melby var omvisar. Frå venstre: Eivind Grønmyr og Bjørn Melby. I trappa: Marit Haugen og John Moe. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Da gjekk turen heimover etter ein riktig så variert, interessant og hyggeleg tur. Tusen takk til dyktige guidar, stødig og god sjåfør og til Stangvik historielag for flott opplegg! 

John Moe, leiar i Todalen historielag, i lag med Lars Steinar og Mette Ansnes. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Øystein Moe kjørte bussen og Lars Steinar Ansnes møtte oss på Averøya og hadde stor kunnskap og mykje å fortelje. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Lars Gudmund Røen var ein av turleiarane. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Publisert: 9. juli 2023, 11:41