Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra besøk på årets bakelsdag på Skihytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. juli 2023

Bakelsdagen har lang tradisjon på skihytta – bakelskokken Knut Halset står som fast arrangør og kjøkensjef.  Knut var nok umåteleg heldig med bakelsvêret, etter som han diska opp med sol frå blå himmel, og fekk skikkeleg respons frå publikum som tok turen til skihytta.  Alle som tok turen til skihytta til Todalen idrettslag denne dagen, var traktert med gratis kaffe med bakels og graut – snakk om trivselstiltak!

Bakelskokken sjølv, Knut Halset, hadde fullt opp med å traktere folk som stakk innom Skihytta på «bakelsdagen». Foto Berit Kårvatn

Saman med nokre medsamansvorne gikk Knut opp til skihytta fredag ettermiddag. Laurdag var han tidleg oppe for å lage bakelsrøre og for å koke smørgraut.  Alt skulle være klart til «kafeterian» opna og publikum gjorde sitt inntog til Skihytta utpå føremiddagen. 

Stor stas med terrasselig i finvêret – folk kosa seg med nystekte bakel med graut til kaffen. Foto Sondre Halset

Det vart ein kjempefin dag i fjellet, og det vart eit jamnt innsig av kaffetørste og bakelssvoltne besøkande på Skihytta.  Suksess for Knut og for Skihytta som samla bakelsgjengen med uteservering på terrassen.  

Eline som blir to i august, var dagens yngste og tok turen saman med bestemor Jorid. Foto Berit K.

Triveleg finvêrsdag på terrassen på Skihytta på Ørsalfjellet. Foto Sondre Halset

Publisert: 8. juli 2023, 19:19