Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Knask eller knep?

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. oktober 2022

Det var spørsmålet som vart stilt i gymsalen på Todalen skule i kveld, der Start 4H hadde invitert alle til felles Halloweenfeiring. Her var det vist stor kreativitet, både i kostymer og ansiktsmåling. Også sjølve gymsalen var pynta til Halloweenfest. Rapportane fortel at det vart mest knask og lite knep i løpet av feiringa i gymsalen. 

Det var også rom for litt aktivitet innimellom knask og knep. Foto: Line M. Kvendset

Det vart ei triveleg feiring av Halloween i gymsalen, der knapt 40, med stort og smått møtte opp til felles feiring.

Stor kreativitet i utkledning og sminking. Foto: Anders Gjeldnes

Fleire bilete frå Halloweenfeiringa i gymsalen på Todalen skule i kveld, kan du sjå nedanfor: 

Publisert: 31. oktober 2022, 21:55