Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godverstur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 31. oktober 2022

Siste dagen i oktober gjekk kløverturen i Toåa tursti. Godt ver og god stemning!

Dagens rute gjekk frå Matkroken til Sandstad, så etter allmannvegen ned til Halsabrua og deretter etter turstien opp til enden ved Bønnavollan. Retur med ein liten pause i gapahuken ved Båthølen, så utover turstien før turfølget svinga opp og forbi Bruvollen og tilbake til Matkroken. Kløverturen vart avslutta med trivleg pause i kaffekroken hans Terje N.

På tur nedover Bordholmvegen. Foto: Marit Sanden Søyset.

Det blir i haust minst to kløverturar til: 7. og 14. november. Og om det blir godver etter midten av november, blir det kløverturar fram til advent!

Namneskriving i Gunnøya. Marit, Synnøve, Åse, Jean, Karen Johanne, Helga, Jorunn Ø, Berit, Jorunn H. Foto: Dordi J H

Bønnavollan – snupunkt! Foto: Marit Sanden Søyset.

 

Publisert: 31. oktober 2022, 23:55