Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2011

Vi fann 70 artiklar i dette arkivet.


Karneval i Stangvika

Karneval i Stangvika

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mars 2011

Før helga var det stor ståhei på aldersheimen i Stangvika. Etter suksessen frå fjorårets karneval er det mange som har gledd seg heile året på nytt karneval, og har venta på ny sjanse til å kle seg ut. Den siste tida har det vore planlegging av kostymer og opplegg, og torsdag kom endelg den store dagen. Først på dagen vart tida bruka til sminking og finpuss av kostymer, og utpå ettermiddagen «braka det laus» med full fest.

Les heile saka

Stemningsrapport frå Holmenkollen

Stemningsrapport frå Holmenkollen

Sondre Halset Sundag 6. mars 2011

Eit forrykande Ski-VM i Oslo er avslutta, og eg var så heldig at eg fikk overværa ein av dei mest spektakulære øvingane under VM, herrestafetten 4 x 10 km fredag 4. mars. Som ein av hovudsponsorane av herrelandslaget i langrenn, var BDO, min arbeidsgjevar, ein sjølvklar publikumsdeltakar. Ein gjeng på nesten 30 skiglade folk frå BDO i Trondheim var alle utstyrt i raude Swix dunjakkar, lik dei Det norske skiforbundet har, for visast det skulle vi (men vi fann raskt ut at vi faktisk ikkje var dei einaste i slike raude jakkar…).

Les heile saka

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Tonekveld i kyrkja på onsdag

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Onsdag 9. mars kl 19.30 blir det «Tonekveld» i Todalen kyrkje. Her får vi høre Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og det blir allsong. Vidare blir det lysbilete med mange godbitar av anekdoter og historikk. Og sjølvsagt blir det kaffestund etterpå. Last ned plakaten her.

Les heile saka

Vårsnø i store mengder

Vårsnø i store mengder

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Siste døgnet har det snøa jamt og trutt, så søndag morgon var det berre å finne fram snøryddeutstyr og ta fatt på jobben. 15-20 cm med kram og tung nysnø engasjerte mange rundt bygda med både snøskuffe, snøfresar og ikkje minst proffane med store traktorar og ryddeustyr.

Les heile saka


Online banekalender for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen

Online banekalender for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen

Knut Haugen Laurdag 5. mars 2011

I sesongen 2011 skal Søya for første gang bevege seg inn «world wide web» for å holde god oversikt over treningstider og kamper. Vi har allerede lagt inn de fleste planlagte treningene utover i mars (med visse værforbehold), og om ikke lenge blir også treninger for april – og kampene bli lagt ut. Systemet ser du her (legg gjerne denne siden som «favoritt»): Banekalender Du får her opp 7 dager framover, fra den datoen som står øverst til venstre, med oversikt over alle planlagte treninger og kamper for alle våre lag. Her kan du se hvor treningen skal foregå, og tidspunkt for start/slutt. Ved å føre markøren over den gule prikken (spørsmålstegnet) til høyre i rubrikken for aktuell treningsøkt ser du litt ekstra forklaring hvis det er innlagt.

Les heile saka

Historielaget held årsmøte torsdag kveld

Historielaget held årsmøte torsdag kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2011

Torsdag 10. mars inviterer Todalen historielag til årsmøte i Todalen ungdomshus. På saklista står det vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og valg. Skannerpatrulja (Ragnhild og Ingri) er ansvarleg for underhaldninga denne kvelden. Dei har kome over ei unik samling med passfoto som dei har skanna og vil vise som lysbilete. Det er passfoto frå krigens dager, da det var kollektiv fotografering i skulen for å få bilde til Id-korta dei bruka under krigen.

Les heile saka

Utfor og i bergveggen…

Utfor og i bergveggen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mars 2011

Vegen vart nok litt for smal for denne varebilen som hamna i bergveggen på vegen mellom Kvanne og Stangvika onsdag. På den smale vegen hadde bilen kome utfor den høge asfaltkanten, og dermed hamna i grøfta og  i bergveggen. Vegen er smal utover mot Stangvika, og det lønner seg nok å manøvrere forsiktig, sjølv om […]

Les heile saka

Planlegging av inneverande sesong

Planlegging av inneverande sesong

Elinor Bolme Onsdag 2. mars 2011

Neste veke og utover vil det bli avheldt foreldremøter på Søyabanen for dei med ungar i årsklassane G12, G14 og J12. Her vil info om kommande sesong stå i sentrum naturleg nok.

Les heile saka

D-dag med kakelag

D-dag med kakelag

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mars 2011

Tirsdag 1. mars var D-dag for Talgø-logoen som felles varemerke for T-Komponent, Møretre og Talgø Møbelfabrikk. Dette vart feira med kakelag på alle dei tre fabrikkane, samtidig som det kom opp nye logoskilt på fasadane denne dagen. Konsernsjef Terje Talgø fortel at ein felles branding vil gjere det enklare å marknadsføre konsernets produkt, samtigdig som varemerkebygginga vert sterkare og enklare.

Les heile saka