Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Karneval i Stangvika

Karneval i Stangvika

Jon Olav Ørsal Måndag 7. mars 2011

Før helga var det stor ståhei på aldersheimen i Stangvika. Etter suksessen frå fjorårets karneval er det mange som har gledd seg heile året på nytt karneval, og har venta på ny sjanse til å kle seg ut. Den siste tida har det vore planlegging av kostymer og opplegg, og torsdag kom endelg den store dagen. Først på dagen vart tida bruka til sminking og finpuss av kostymer, og utpå ettermiddagen «braka det laus» med full fest.

VM og vinstersporten har sett sitt preg på den siste veka, så det vart dansa til mellom anna Ole Ellefsæters «I Grenoble skal me slå dekk» og «Bislet spesial» som er kjente slagere. Ei lang rekkje med jenka fikk vi også til, sier aktivitør/»Vaktmester» Borghild Talgø til Todalen.no. Eva Østbø krydra med gode historier og vitsar.

Menyen var pølse med brød og lompe, og med brus til. Ikkje akkurat kvardagskost, men når det er fest skal det væra litt ekstra. Litt godt i glaset vart det attåt kaffe og sjokolade etterpå.

Praten og latteren satt laust, og vi vil takke alle som var med og gjorde dette til ein så  flott og triveleg føremiddag for oss. Ein dag som vart heilt annerleis enn den vanlege kvardagen har lett for å bli. Så no har vi begynt å gledd oss på neste års karneval, seier Borghild Talgø til slutt.

Først publisert: 7. mars 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 6. mars 2011, 20:15