Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vårsnø i store mengder

Vårsnø i store mengder

Jon Olav Ørsal Sundag 6. mars 2011

Siste døgnet har det snøa jamt og trutt, så søndag morgon var det berre å finne fram snøryddeutstyr og ta fatt på jobben. 15-20 cm med kram og tung nysnø engasjerte mange rundt bygda med både snøskuffe, snøfresar og ikkje minst proffane med store traktorar og ryddeustyr.

No er det meldt opphald fram til onsdag, men da er det på’n igjen fram til fredag. Rett nok meldes det da regn og sludd, men det kan nok skje mykje med vêret fram til den tid. Her kan du sjå langtidsvêret på yr.no.

Nedafor finn du bildeglimt av nokre av brøytemannskapa som var ute. I tillegg har Pestu-karane vore ute, men dei var ferdig med jobben før vi rakk å kome oss ut med kamera.

Publisert: 6. mars 2011, 13:15