Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Tordenskjold songlag inviterer til Countrykveld

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. oktober 2021

Tordenskjold songlag inviterer til countrykveld i Myrvang forsamlingshus laurdag 30. oktober klokka 19:30. Tordenskjold er glade for at det er mogleg å arrangere sosiale samlingar att, og gler seg til å kunne synge for publikum. Billett kr. 250,- ved inngangen. 


Julebord på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 22. oktober 2021

Julebordsesongen er like rundt hjørnet, og i år har vi tenkt oss til å prøve oss med julebord for første gong, seier Arve Evensen, som er vert på Todalshytta.  Han fortel vidare at dei to varmepumpene som vart installert på vårparten har gjort at vi har fått ein ny verden på Todalshytta, og no er det altså julebord som blir den neste utfordringa.


Minner om strikkekaffe på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 22. oktober 2021

Todalen sanitetsforening er aktive i nærmiljøet – laurdag (23. oktober) er det strikkekaffe som står på programmet, og den foregår i tidsrommet 13.00 til 16.00 i Sanitetshuset som vanleg.  Her blir det kaffepause med noko attåt, fortel arrangementskomiteen, som ønskjer alle velkomne – med eller utan strikking.    


Todalen sanitetsforening med Innsamling av julegåver til Estland

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. oktober 2021

Todalen sanitetsforening samlar også i år inn julegåver for å sende til Estland. Julegåveinnsamlinga har etter kvart vorte ein tradisjon for Todalen sanitetsforening i førjulstida, og noko dei har dreve med i mange år no. Dersom du ønskjer å bidra med julegåver, kan desse leveres måndag 1. november mellom klokka 18:00 og 19:30 og tysdag den 2. november mellom klokka 18:00 til 20:30 i Sanitetshuset eller ved å kontakte Maren Ansnes på telefon: 906 86 907.


Krev full stilling ved Frivilligsentralen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. oktober 2021

Surnadal demensforening og helselag tek no initiativ for å få auka stillinga ved Frivilligsentralen frå 50% til 100% og grunngjev det med at mesteparten av stillinga ved Frivilligsetralen går med til ungdomsarbeid.  Det er leiar i Surnadal demensforening og helselag, Liv Botten, som no går ut til andre lag og foreningar for å få støtte til eit slik krav overfor Surnadal kommune. 


Mykje folk og stort engasjement på medlemsmøtet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. oktober 2021

Onsdag kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn til medlemsmøte, under tittelen «Todalen IL – Ka no?» i ungdomshuset. Her ville styret i idrettslaget ha medlemmene sitt syn på kva idrettslaget skal drive med i tida framover, både på kort og litt lengre sikt. Og styret fekk god respons, for det møtte opp mange engasjerte medlemmer på møtet. Styret fekk også inn mange forslag til aktivitetar, både aktivitetar som kostar lite eller ingenting å drifte og som er enkle å strarte opp med. Det kom også inn forslag på aktivitetar som krev meir planlegging og investeringar før dei kan realiserast. Styret var kjempenøgd, både med oppmøtet og engasjementet frå dei som møtte opp! 


Bygg Reis Deg 2021 – Talgø satsar friskt på messedeltaking

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. oktober 2021

Messedeltaking er ikkje noko nytt for Talgø, heller ikkje Bygg Reis Deg 2021 som blir arrangert på messeområdet på Lillestrøm frå i dag og ut veka.  I halvanna år har det vore unntakstilstad, og dermed har informasjon om nye produkt og pleie av kundar funne andre vegar i denne perioden som har hatt mest fokus på «covid 19» No er altså Talgøbedriftene på plass i gjen, med ein stor stand på messområdet.


Utbetring av vegen på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. oktober 2021

De siste vekene har det pågått utbetring av vegen frå brua over Sagelva og forbi Bakkan mot Bergly.   Det er Mikkelsen Maskin som jobbar med å utvide vegen litt og fyller opp grøfta på øvre sida av vegen, slik at det skal bli litt tryggare å møtes på denne strekninga. 


Influensavaksinering i Surnadal kommune 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 19. oktober 2021

Årets influensavaksinering i Surnadal kommune vil gå føre seg på Surnadal kulturhus i Svorkasalen 1., 2. og 3. november. Dette opplyser Surnadal kommune på sine heimesider «surnadal.kommune.no». Du kan bestille deg time ved å gå inn på «c19.no», Influensavaksinering.
Dersom du treng hjelp og ikkje har nokon til å hjelpe deg, eller du må utsette vaksinen og treng råd, kan du sende e-post til : vaksine@surnadal.kommune.no, eller ringe vaksinetelefonen 913 79 001 måndag-fredag mellom klokka 09:00- 11:30. Hugs da å oppgi personnummer og mobilnummer. 


Idrettslagsbasar 31. oktober

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

Søndag 31. oktober, mellom klokka 16:00 – 19:00, blir det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd tek til på Matkroken Todalen laurdag 23. oktober klokka 10:00 – 15:00 og fortsett fredag 29. oktober på same stad mellom klokka 15:00 – 17:30. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Kvart lodd kostar kroner 50,-. Ved kjøp via Vipps, hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn som skal skrivast på lodda. Hovudpremien denne gongen er eit gåvekort for to personar på Svinvik gard. 


Kløvertur i strålande haustvêr

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

I dag varta vêrgudane opp med skikkeleg fint haustvêr da Todalen sanitetsforening sin Kløvertur-gjeng tok turen til Toåa tursti. Etter nokre Kløverturar med skikkeleg dårleg vêr, tykte gjengen at det var godt å få ein tur der ein kjente sola varme litt att. 


Optimalisering av infoskjermen på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 18. oktober 2021

På formiddagen i dag var næringskonsulent Harald Bredesen og IT-sjef Pål Ranes frå Surnadal kommune innom Matkroken Todalen for å optimalisere informasjonsskjermen i kaffekroken. Grunnen til dette er at sidene tidlegare har skifta kvart 10.sekund, noko som gjorde det vanskeleg å få lest informasjonen på informasjonsskjermen på ein god og informativ måte.