Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utbetring av vegen på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. oktober 2021

De siste vekene har det pågått utbetring av vegen frå brua over Sagelva og forbi Bakkan mot Bergly.   Det er Mikkelsen Maskin som jobbar med å utvide vegen litt og fyller opp grøfta på øvre sida av vegen, slik at det skal bli litt tryggare å møtes på denne strekninga. 

Vegen blir utvida litt på begge sider. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter at det vart lagt ny asfalt har det vore ein høg kant ned frå vegen på øversida, og dette har det siste året vore skuld i eit par utforkjøringar.  No blir det altså fylt opp, slik at køyrande har ein sjangse til å halde bilen på vegen om ein kjem litt utom vegbanen.

Veggrøfta blir no fyllt opp, slik at ein kan unngå å hamne på sida i grøfta. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 20. oktober 2021, 11:24