Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2021

Vi fann 90 artiklar i dette arkivet.


Eigenberedskap, er det nødvendig da?

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. oktober 2021

Det er spørsmålet Surnadal Sanitetsforening stiller i ei pressemelding no i ettermiddag. Bakgrunnen er at Direktoratet for sikkerhet og beredskap, i neste (1. – 7. november) rettar søkelys på eigenberedskap. Sanitetsforeiningane i Surnadal kommune, saman med kommunen markerer denne kampanjen med ulike aktivitetar rundt om i kommunen. Det blir arrangement mellom anna på Matkroken Todalen, Alti Surnadal, Matkroken Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden. 


Kanskje kommer kongen?

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. oktober 2021

Ja, det er faktisk prosjektnamnet til NKS – Norske Kvinners Sanitetsforening – prosjekt som starta alt i 2019, og som går ut på å invitere nokon «som har levd ei stund» til lunch eller middag. Og som prosjektnamnet seier, så kan det faktisk være kven som helst.  – Kongen kom ikkje til Sanitetshuset på lunch, men det var det mange andre som gjorde.  Invitasjon var eit plakatoppslag på Matkroken, og førehandsomtale på Todalen.no. Dermed troppa det opp eit trettitals gjestar til lunch onsdag. 


Onsdag: «Vaksenlunsj» i sanitetshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. oktober 2021

Onsdag 27. oktober klokka 13:00 inviterer Todalen sanitetsforening alle «godt vaksne» todalingar til gratis lunsj og sosialt samvær i sanitetshuset. Todalen sanitetsforening håper at mange vil komme og vere med! Og dersom det er nokon som treng skyss for å komme seg på lunsj, så fikser Todalen sanitetsforening dette også!


Sesongslutt med trim og kaffepause

Jon Olav Ørsal Måndag 25. oktober 2021

Alt har si tid – no er det sesongslutt for Sanitetens «Kløverturar», som bortsett frå ein liten sommarferie har vore arrangert kvar veke gjennom sommarhalvåret.  Det er både god  trim og triveleg sosial kontakt for dei som har delteke på dette tiltaket gjennom sommaren. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. oktober 2021

Fredag 29. oktober er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Opningstida er mellom klokka 12:00 og 17:00. Førehandsbestilling av skulebollar og/eller grovbrød innan onsdag 27. oktober klokka 18:00. Lia gard leverer også, på bestilling, varer til bedrifter. 


«Seniorkino» ved Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. oktober 2021

Surnadal kino viser no film fem-seks dagar i veka, og frå onsdag av blir det også innført honnørbillett på dagkino i ei stund framover. Det blir vist «seniorkino» klokka 13 på alle kvardagane frå onsdag av, og til neste helg. Og det er litt av eit kobbel av filmar som vil gå:


Godt med eit krypinn når vinteren kjem

Jon Olav Ørsal Sundag 24. oktober 2021

Selma har det på stell for dei to kaninane Perneille og Snøfnugg som bur i hagen hos familien Skjerve/Gjeldnes i Bekkerhagan.  Her har dei to eit stort bur, med ein underjordisk gang inn til hiet der ei lita varmelampe sørger for at dei har det tørt og varmt når kulda sig på ute.


«På tur i Todalen» – Turmål nummer 25 på plass

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. oktober 2021

Den digitale trimregistreringa «På tur i Todalen» går så det susar. I dag lanserer difor Trimgruppa den 25. turen, etter tips frå ein ivrig brukar. Om vedkommande tykte at 24 var eit uryddig tal, eller at det var fleire som burde ta den fine rundturen i Øyalia, som var grunnen skal ikkje seiast. Uansett er det no mogleg å registrere seg på Berga, kor ny og gammel skogsveg i Øyalia møtes. Registreringa «ligg» rundt benken her.


Søndag: TV-aksjonen blir digital i år også

Jon Olav Ørsal Sundag 24. oktober 2021

I år som i fjor blir det digital innsamling til TV-aksjonen i Surnadal. Vi har erfart at dette er ei god og fleksibel innsamlingsløysing, da det er mange som heller brukar aksjons-søndagen til noko anna enn å vente på ein bøsseberar for TV-aksjonen, skriv Surnadal kommune på sine heimesider.


Sosongens siste Kløvertur måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. oktober 2021

Måndag 25. oktober klokka 11:00 går sesongens siste Kløvertur, og den siste Kløverturen går til Toåa tursti. Oppmøte som vanleg på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen. 


Det finns ikkje dårleg vêr…

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. oktober 2021

Markus og Ådne trossar regnet og sluddbygene når dei brukar fritida si til fotball på lekeplassen i Bekkerhagan.  Midt på fotballbanen står det ei tjønn, så det gjeld å ha godt fottøy når det er aktivitet.  I går da det regna mykje mer var det enda ei stor tjønn her, fortel Markus og Ådne mellom avsparka. 


Idrettslagsbasar – Førehandssalet i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. oktober 2021

I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Idretttslagsbasaren 31. oktober opp på Matkroken Todalen. Førehandssalet i dag vil foregå fram til klokka 15:00. Kommande fredag, den 29. oktober, vil det vere førehandssal på same stad i tidsrommet frå klokka 15:00 – 17:00.