Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: TV-aksjonen blir digital i år også

Jon Olav Ørsal Sundag 24. oktober 2021

I år som i fjor blir det digital innsamling til TV-aksjonen i Surnadal. Vi har erfart at dette er ei god og fleksibel innsamlingsløysing, da det er mange som heller brukar aksjons-søndagen til noko anna enn å vente på ein bøsseberar for TV-aksjonen, skriv Surnadal kommune på sine heimesider.

Vi har mange frivillige hender og føtter som heile året står på for gode formål i kommunen og som legg ned ein stor innsats for andre. Kommunen ønskjer å legge til rette for at den årlege TV-aksjonen kan nyte godt av solidariteten til bygdefolket, men altså i form av digital innsamling.

Slik kan du gi:

  • Klikk på Spleisen under for å gi via digital innbyggarbøsse for Surnadal. Pengane går uavkorta rett inn på TV-aksjonen sin konto og blir registrert på givarstatistikk for Surnadal.. Du får opp betalingsalternativ som kort, vipps eller faktura.

Surnadal kommune støttar årets TV-aksjon med kr. 10.000.

Dette går pengane til
Kvart tredje sekund blir ei jente i verda gift medan ho er eit barn. Årets TV-aksjon går til organisasjonen Plan sitt arbeid mot barneekteskap. Målet er å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Plan skal jobbe for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenters rettigheiter og i likestilling, og at lovverket skal beskytte barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vere barn, ikkje brud.

Publisert: 24. oktober 2021, 07:00