Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar – Førehandssalet i gang!

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. oktober 2021

I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Idretttslagsbasaren 31. oktober opp på Matkroken Todalen. Førehandssalet i dag vil foregå fram til klokka 15:00. Kommande fredag, den 29. oktober, vil det vere førehandssal på same stad i tidsrommet frå klokka 15:00 – 17:00.  

Det er også mogleg å kjøpe lodd via vipps 527926, og skrive namnet lodda skal skrivast på i meldingsfeltet. Frist for å kjøpe lodd via vipps, er laurdag 30. oktober klokka 18:00.

Idretttslagsbasaren blir arrangert i Todalen ungdomshus søndag 31. oktober frå klokka 16:00 – 19:00. Klokka 17:30 vil det bli utdeling av trimkrus, for flest turar på trimpostane og ein uttrekt på kvar av dei, og premiar for deltaking på friidrett på Bordholmen. 

Todalen Idrettslag er takksame for gevinstar til utloddinga. 

Publisert: 23. oktober 2021, 09:59